Sommar på Z-museum. – Me vil at folk skal kome så nær tinga som mogeleg
Med opp mot 40 000 objekt sett saman til små og store historier får besøkande på Z-museum ei reise til fortida på mange felt. Eigar Johan Ziener Thronsen brenn for å gje ei fullstendig oppleving, og har stadig tankar om utviding.
12. mai 2012 opna Johan Ziener Thronsen og familien museum ved industriområdet i Treungen. Så langt i år har dei bikka 3500 besøkande. Sommarsesongen er i gang med åtte tilsette og ope kvar dag.
– Det er mange som ikkje har vore her som trur me er eit bil-museum, men det stemmer ikkje. Her finn ein noko for kvar smak, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sommarjobbing på museet
Denne sommaren har Z-museum til saman åtte tilsette. Ved inngangen treffer me Leon Vee Tveit (14), som har sin fyrste sommar med arbeid på museet. Til hausten startar han i 9. klasse, og han er elles aktiv med både musikk og fotball. På spørsmål om kva ein har i vente på museet er svaret enkelt.
– Det er så mykje rart, du får nesten berre gå inn og sjå, seier han.
I enden av runden står Christopher Svensson Nes (24) og gjer den stilfulle 50-tals sommarkafeen klar til stenging klokka 16. Det er fjerde sesongen han jobbar på museet.
– Eg likar å jobbe med folk og service, seier han.
Kvar gjenstand har si historie
Johan Ziener Thronsen har alltid vore glad i ting, og blitt fortalt at han samla frå han var veldig liten. Mange av gjenstandane i museet kjem frå foreldre eller besteforeldre.
– Eg vil likevel ikkje kalle dei direkte samlarar, det er meir det at me som familie har vanskar for å kvitte oss med gamle ting, smiler han.
Museet har ikkje avgrensa seg til bestemt tema eller tid. Her kan ein sjå og lære om alt frå gamle silketeppe, Donald-blad, hattar og handelsforretningar til velhalde veteranar, klokker og krigshistorie. Fleire av samlingane er dei største i landet.
– Kvar einaste gjenstand har si eiga historie. Eg kunne prata i timevis, seier Thronsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det private museet gjev stor lit til dei besøkande, som kan plukke opp og utforske dei fleste gjenstandane som dei vil.
– Me vil at folk skal kome så nær tinga som mogeleg. Foreldre blir nokon gonger nervøse for at ungane skal øydelegge ting, men det er ein risk me tar med glede. Om noko blir øydelagt så reparerer me det, så enkelt er det, seier Thronsen.
Manglar berre midlane
I det nyaste arealet til museet kan ein sjå eit utval gjenstandar knytt til jord- og skogbruk. Thronsen har lenge hatt planar om å opprette den fyrste skog- og jordbruksmuseet i Noreg. Han trekker fram Telemark som ein region med mykje spanande historie på feltet, og det er tydeleg at han ynskjer å lære endå meir.
– Me ynskjer jo å kunne legge fram ei fullstendig historie rundt gjenstandane, som viser den dramatiske endringa jordbruket har opplevd over nokså kort tid, seier han.
Eigaren trekker til dømes fram at det arbeidet som før blei utført saman av eit stort lag, no blir gjort av ein einsleg bonde. Det er mange sider ved alle historier, noko han har lyst til å få fram i den planlagde utstillinga.
– Me har opplevd utrulege teknologisk effektivisering og samstundes større summar i subsidiar. Likevel går det feil veg, og då må det vere lov å stille spørsmålet, kva er det me gjer feil? seier Thronsen.
I 2022 fekk museet 130 000 kroner frå fylkeskommunen til forarbeid med prosjektet. Thronsen håpar på meir stønad slik at dei kan setje ordentleg i gang.
– Me er klare med alt av gjenstandar og planar, men det skal bli ei fullstendig oppleving, og då treng me plass og tid, seier Thronsen.
Artikkelen held fram under annonsen.