Fleire gjekk både langrenn og skiskyting under Blink. Audun (12) synest begge delar er like moro
Mange vesttelar tok turen til Sandnes for å delta på Blinkfestivalen i år - og for somme blei helga ekstra travel.
Blinkfestivalen i Sandnes er blitt tradisjon for mange – her samlast langrennsløparar og skiskyttarar for å tevle på rulleski. I år var det mange vesstelar i elden i begge greiner.
Audun Lindskog (12) frå Haukeli er ein av dei som tevla i både langrenn og skiskyting i helga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er himla moro! Eg går rett frå å gå langrenn og så til skiskyting. Det er travelt og det gjeng i eitt, men det er vanvitig moro å gå.
Audun fortel at han er nøgd med resultata frå helga, trass at han har vore sjuk. Han fekk ein 14. plass på fellesstarten, 10. plass i A-finalen i skiskyting og 2. plass i B-finale sprint.
Han synest langrenn og skiskyting er like moro.
– Eg synest begge er like moro. Eg er glad eg ikkje treng å bestemme meg for kva eg skal satse på enda!
Storebror Petter (16) har tatt valet og satsar no på langrenn. I helga gjekk han 25 km, fellesstart og sprint.
Fyrste året som junior
Petter er nøgd med helga, trass litt krunglete start.
– Eg fekk litt trøbbel på 25 kilometeren, eg knekte mellom anna ein stav og etter det blei det berre surr, men det blei betre i løpet av helga.
I helga gjekk Petter i klasse M17-18, som vil seie at han også tevla mot folk som er eitt år eldre. Han gjekk høvesvis inn til ein 24. plass på fellesstarten og 4. plass i B-finalen på sprinten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han skal inn i sin fyrste sesong som junior og skal byrje på Hovden Skigymnas til hausten. Guten som går for IL Rein, trur han er i rute for sesongen.
– Det er ikkje no eg skal vere i best form, men eg føler det går greitt. Eg har ikkje vore sjuk og treninga går bra – bank i bordet.
Petter er ikkje einaste junior frå Vest-Telemark som stilte til start på Blink. Skiskyttarane Markus Noraberg (16) og Torjus Tveiten Golid (16) frå Seljord gjekk sine fyrste renn med våpen på ryggen i helga. I sprintfinalen gjekk Markus inn til 5. plass, medan Torjus hamna på 10.
Fleire resultat frå vesttelar:
Fellesstart, langrenn:
J11-12: Maja Noraberg, Seljord IL (9. plass) og Ingebjørg Botn, IL Rein (14. plass)
G11-12: Vetle Smalås Bergheim, Fyresdal Skiskyttarlag (3. plass)
J13-14: Tuva Smalås Bergheim, Fyresdal Skiskyttarlag (6. plass)
Artikkelen held fram under annonsen.
G13-14: Mikkel Groven-Robertsen, Fyresdal Skiskyttarlag (9. plass), Audun Lindskog, IL Rein (14. plass), Elias Bratsberg - Aamlid, Fyresdal Skiskyttarlag (20. plass) og Mikkel Gasmann Nesland, Fyresdal Skiskyttarlag (23. plass).
J15-16: Kristine Reinsviki, IL Rein (21. plass) og Ingebjørg Kili, IL Rein (23. plass)
G15-16: Kristian Brushaug Haakenstad, Fyresdal Skiskyttarlag (19. plass)
M17-18: Petter Lindskog, IL Rein (24. plass)
Sprintfinalar, langrenn:
J11-12, A-finale: Maja Noraberg, Seljord IL (9. plass)
J11-12, B-finale: Ingebjørg Botn, IL Rein (6. plass)
J13-14 A: Tuva Smalås Bergheim, Fyresdal Skiskyttarlag (10. plass)
Artikkelen held fram under annonsen.
G13-14 B: Audun Lindskog, IL Rein (2. plass), Elias Bratsberg-Aamlid, Fyresdal Skiskyttarlag (7. plass) og Mikkel Gasmann Nesland, Fyresdal Skiskyttarlag (13. plass)
J15-16 B: Ingebjørg Kili, IL Rein (10. plass) og Kristine Reinsviki, IL Rein (13. plass)
G15-16 B: Kristian Brushaug Haakenstad, Fyresdal Skiskyttarlag (11. plass)
M17-18 B: Petter Lindskog, IL Rein (4. plass)
Finalar, skiskyting:
J13-14: Tuva Smalås Bergheim, Fyresdal Skiskyttarlag (8. plass) og Synne Tveiten Golid, Seljord IL (12. plass)
G13-14 A: Elias Bratsberg-Aamlid, Fyresdal Skiskyttarlag (9. plass) og Audun Lindskog, IL Dyre Vaa (10. plass)
G13-14 B: Mikkel Gasmann Nesland, Fyresdal Skiskyttarlag (4. plass)
Artikkelen held fram under annonsen.
G15-16: Kristian Brushaug Haakenstad, Fyresdal Skiskyttarlag (10. plass)
M 17: Markus Noraberg, Seljord IL (5. plass) og Torjus Tveiten Golid, Seljord IL (10. plass)