Viki: Biletet der ein ser nydyrkinga i Viki er teke frå Vågslid hotell. Til høgre i biletet ligg bustadhuset til familien Vågslid. Garden ligg på 800 meter over havet.

Nysatsing på gardsdrift på høgfjellet

Gardsbruket Viki i Vågslid låg heilt nede då Kamilla og Nils Vågslid bestemte seg for å satse. No er tjue mål dyrka opp og eit nytt fjøs er på plass på garden. – Det er veldig moro å få til noko, er paret samstemte om.

Kjem ein køyrande E134 over Haukeli austfrå i sommarsesongen openberrar den ljosegrøne nysånninga seg i vestre enden av Vågslidvatnet. Der ligg Viki, der Kamilla og Nils Vågslid no satsar for fullt på gardsdrift med ammekyr. Det er lenge sidan det var drift på bruket.

– Det fanst ingenting her som me kunne bruke til gardsdrifta, med unntak av to høygaflar og ein lortegreip, ler paret.

Artikkelen held fram under annonsen.

På beite i grannelaget: Buskapen går på beite i Sudistog Vågslid. Kjøtferasen heiter belted galloway.

Hardfør skotsk ferase

Ute på beite i grannegarden Sudistog Vågslid går 15 kyr, eller mordyr som det heiter i ammeku-terminologien, og kalvar. I tillegg til avlsstuten, då. Heile flokken tel totalt 35 dyr. Men ein del av desse, fjorårskalvar og ungdyr, går på eit eige beite.

– Desse er på ferie i Grungedal, forklarar dei.

Kjøtfeet er av den skotske rasen belted galloway.

– Kvifor valde de denne rasen?

– Me er heilt ferske som husdyrhaldarar. Dette er ein rase som har eit godt lynne og som har enkle kalvingar. Sidan det fer litt folk rundt her, er det også ein fordel at rasen ikkje har horn, seier Nils.

Kamilla legg til at desse dyra er hardføre, og at dei gjer seg god nytte av utmarksbeite. Slik eignar dei seg godt for å ta tilbake kulturlandskapet i området. Ekstra bra beitt blir det når hestane deira også går på det same beitet; dei et det kyrne ikkje vil ha, forklarar ho.

Ferske gardbrukarar: – Det er veldig moro å få til noko, seier Kamilla og Nils Vågslid om gardsdrifta.
Våningshuset: Bustadhuset på garden blei bygd i 2013. Familien Vågslid har ein son på 18 år og ei dotter på 15.

Ei bratt læringskurve

Ingen av dei to har vakse opp på gard.

– Så me har hatt ei veldig bratt læringskurve. Men det har vore veldig enkelt å få hjelp, skryter dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils har bakgrunn som entreprenør, og han har også hatt arbeid i Nordsjøen. Kamilla har femten år bak seg som lærar ved Edland skule, men har no gått inn i gardsdrifta på full tid.

Nyfjøset: Hausten 2021 flytta buskapen inn i det nybygde fjøset.

Ikkje alt i satsinga på å arbeide opp gardsbruket har gått på skjener. Søknaden til Innovasjon Norge, det offentlege selskapet som mellom anna skal bidra til utvikling i distrikta, om midlar til bygging av nytt fjøs, gjekk ikkje gjennom i fyrste omgang.

– Dermed måtte me sende kyrne på «hospits» i Mo ein vinter medan me søkte på ny, fortel dei.

Aktiv drift: – Motivasjonen vår er å ha ein gard med drift på, seier Nils Vågslid, som opplever at andre også har mykje glede av at det går beitedyr i bygda. Nordi enden av Vågslidvatnet ser ein Viki med nydyrkinga.

At byråkratane som skal handsame søknadane ikkje alltid har forståing for at det er svært ulike måtar å drive landbruk på i låglendet samanlikna med fjellandbruket 800 meter over havet, har det driftige paret fått erfare. Annleis er handsaminga i Vinje kommune.

– Kommunen har vore positive til satsinga både på dyrking og ny driftsbygning, og har gjeve tilskot til båe delar, fortel dei.

Paret gjev også heimkommunen mykje av æra for at søknaden til Innovasjon Norge gjekk gjennom i andre omgang.

Lang fôringsperiode

Sjølv om Viki ligg litt i le for vestavêret, er det likevel ganske vêrhardt på staden. Vinteren er drug, og dyra kan ikkje sleppast ut på beite før kring 1. juli – slik tilfellet også var dette året.

– Så fôringsperioden her oppe er veldig lang – frå midten av september til byrjinga av juli, informerer Nils.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nydyrking: Hittil er tjue mål på garden dyrka opp. No står tjue nye mål ved støylen Løyning for tur. Talet på rundballar frå fyrsteslåtten i år er ekteparet veldig nøgde med.

Eigedomen Viki er på totalt 8500 mål – det meste av arealet omtalar Nils som skrinn utmark. Men det finst dyrkbar mark der også. Då han tok over eigedomen etter far sin i 2018 stod garden oppført med 18 mål dyrka mark. For fire–fem år sidan starta dei nydyrking. I alt har dei dyrka opp 20 mål. No er det andre året dei slår nysånninga. I fjor blei det slege éin gong. I år blir det kanskje to.

– Me hadde veldig god avling på fyrsteslåtten i år. Resultatet var over all forventning. Det er moro når dyrkinga gjev såpass, seier Nils, som håpar at avlinga kan bli like bra framover.

– Resultatet blir veldig konkret, det er berre å telje ballar, legg Kamilla til.

Paret har klare planar om å dyrke meir. Ved støylen Løyning, som høyrer til Viki, vil dei dyrke opp tjue mål til. Søknadar både om å byggje veg dit og om dyrking er godkjende.

– Det er god motivasjon, er dei samstemte om.

Sel kjøtet sjølve

Kamilla og Nils understrekar at det ikkje er økonomiske motiv som ligg bak satsinga. Det viktigaste er å ha ein gard som det er drift på.

– Me får så mange positive tilbakemeldingar og folk har så mykje glede av det me driv med, seier Kamilla, og nemner mellom anna at folk gler seg til dyra kjem ut på beite.

Flokken: Stuten leiar an flokken av kyr og kalvar.

Elles er matproduksjon også ein del av drivkrafta. Rasen belted galloway har dei valt fordi det er dyr som eignar seg godt i området. Dei fortel at rasen veks veldig seint og at kvigene må vera to år gamle før dei kan seta stut på dei, altså para dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rasen er kjent for å ha god kjøtkvalitet, og kjøtet er så godt som økologisk i og med at me berre nyttar grasfôr og ikkje kraftfor, fortel dei.

Kjøtet tek dei tilbake og sel det privat.

– Me har fått svært gode tilbakemeldingar på kjøtet frå Viki, legg dei til.

Restaureringsprosjekt: Det gamle fjøset og stallen på garden skal restaurerast.

Fleire restaureringsprosjekt

Paret har store planar for bygningane på garden. Fyrst vil dei i gang med eit påbygg til nyfjøset, ein del som skal brukast som stall. Elles skal den lafta delen av det gamle fjøset restaurerast, det same med ei gamal støylsstoge. Eit stabbur er ferdig restaurert og skal setjast opp no i haust. Av restaureringsprosjekt elles nemner dei eldhuset og nokre hytter.

Apropos hytter. Heilt sidan 1980-talet, lenge før paret overtok, har hyttebygging og tomtesal vore ein del av næringsgrunnlaget i Viki. Nils er klar på at satsinga som han og kona har gjort i Viki hadde vore heilt uråd utan å selje hyttetomter.

– Det me har gjort er så kostnadskrevjande at det hadde vore heilt umogeleg utan tomtesal. Men det me gjer med midlane frå tomtesalet går beint tilbake til garden – verdiane går tilbake i form av opprusting og utvikling, slik at det kan vera mogeleg for neste generasjon å overta, er filosofien deira.

No arbeider paret vidare med ein hytteplan, ei satsing som dei håpar kan ta dei vidare i prosjektet med gardsdrift og restaureringsarbeid.

Kvit livgjord: Ferasen belted galloway har eit karakteristisk kvitt belte kring magen.
Meiningsfullt: – Matproduksjon er viktig, så dette er noko av det meir gjevande eg har gjort, seier entreprenøren Nils Vågslid.