Tak songen tilbake
Å syngje saman gjev glede og ei kjensle av fellesskap. Allsongen, anten det gjeld salmesong i kyrkja eller allsong i lyd og lag, er kanskje i ferd med å tone ut. Dét bør me gjera noko med.
Ingen kveld kan læra bekken fred og ro
ingi klokke bera honom kvilebod.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skuledagen var snart til ende, og når det nest siste verset av «Fager kveldssol smiler», omsett til norsk av Peter Hognestad i 1904, var avsunge, greip gutungane tak i ranslane sine. Dei sette den eine foten litt ut for pultbeinet, klare til å springe ut i fridomen. Så var det å synge, så fort som berre det:
Så mitt hjarta stundar
bankande i barm
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.
Gutungane var ute på gangen før verken læraren, lærarinna eller faderarmen rakk å nå dei. Ja, ja. Slik kunne tilværet vera for skuleelevane som for nokre tiår sidan både starta og avslutta dagen med song. I tillegg hadde dei eigne songtimar, og elles hende det at songar måtte øvast på; slik som framfor jol og nasjonaldagen.
Å syngje saman i alle slag lyd og lag var vanleg på denne tida, noko som for mange gav ei kjensle av fellesskap og det å høyre til. Å starte ei samkome med song, anten det var eit heller kjedeleg møte, eit skrålande gjestebod eller ei mørk og sorgfull gravferd, var ein tradisjon som me vil påstå at styrkte band mellom folk. Rett nok har tradisjonen med heimesnikra songar i bryllaup, og gravsalmar i kyrkjelege seremoniar ved livets slutt, halde seg, men ikkje mange syng lenger av full hals.
I gravferd etter gravferd merkar ein det. Berre nokre få opnar munnen og syng litt forsiktig. Der dei fleste, både med og utan god songstemme, tidlegare deltok i allsongen, ser ein no eit fleirtal sitje der med låste kjevar. Kva skjer, eller kva har skjedd? Trur folk at dei må ha ei røyst som dei som opptrer på «The Voice» eller «Norske talenter» for å syngje?
Artikkelen held fram under annonsen.
Vel. Tagna heilt har ikkje songen – i alle fall ikkje hjå ungdomen. Dét veit alle som har vore på konsert med E-76. Der stig Georg Hagens tekst i unison allsong mot taket eller himmelen, alt etter som:
Sauekjøtt, sauekjøtt, sauekjøtt, sauekjøtt, sauekjøtt ja, det er gøtt
av det kan me laga ein god fårikål, og eit kjempegøtt lambelår.
Stemninga stig, og publikum stemmer nok ein gong i då bandet dreg opp Edvin Loftsgardens «Ingen som kjem» eller den akkurat i desse dagar så superaktuelle «Traktorhandel» av Georg Hagen:
Sø dei sa no te meg du må ta deg ein tur,
ned på Dyrsku'n i Seljord, ja då æ du lur.
I 1981 gav nyleg avdøde Ellen B. Nordstoga ut heftet «Visur og vers for store og små» – eit hefte ho laga som eit tillegg til songundervisninga i skulen.
– Eg meiner me har så mykje å forsyne oss av i folkemusikken at me bør taka det fram og bruke det, skreiv ho i føreordet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alt frå bånsullar som «Litle fuglen» til bygdeviser som «Staumstøylvisa», stev, balladar og visjonsdikt fekk plass i samlinga.
Også sonen Odd har gjeve ut songbok. I 2014 kom «Song for deg og meg» på Det norske samlaget. Viss du lurar på korleis den innleiande salmen om den fagre kveldssola startar, gjev songboka svar på dette.
– Boka har eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyare songar – songar til skjemt og høgtid, reklamerer forlaget.
Elles skulle det ikkje vera vanskeleg å finne akkurat dei songtekstane du vil til eigen stemmebruk, eller til bruk saman med andre. Opp med mobilen, søk på ein bestemt song og «lyrics» – og gaule på.
Minnesida til Ellen Nordstoga strøymer over av takkseiingar for songen og dansen og for alt ho lærte vidare. I fleire år sat ho i styret til stiftinga Norsk kulturarv, som har som visjon at den beste måten å ta vare på kulturarven vår er ved å bruke han. Ein god måte å heidre minnet hennar på må vera å synge og danse.
No er dei sagde, alle dei fine orda. Så må dei gjerast: Syng med den stemma du har.