Skal hjelpe elevar til «det gode hybelliv»
Gjennom prosjektet «Det gode hybelliv» vil Bø vidaregåande skule setje fokus på dei spesielle utfordringane hybelelevar og dei føresette har.
Ved den vidaregåande avdelinga i Seljord bur kring 30 av 100 elevar på hybel. Neste skuleår vil skulen prøve ut ulike tiltak i høve til elevar som bur på hybel. Erfaringar viser at det kan vera ei stor utfordring å flytte frå «mors kjøtkaker». Det er også eit problem med mykje fråvær for dei som bur på hybel. Dette blir det no stramma inn på. Frå hausten av blir føresette varsla alt ved elevens fyrste fråværsdag. I dag tek det tri dagar før foreldra blir varsla.
Det er viktig med ein tett dialog med heimane, seier rektor og prosjektleiar Jon Helge Bergane, som legg til at elevrådet er positive til prosjektet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verdi av sunn mat
Våren har blitt bruka til å førebu prosjektet «Det gode hybelliv». Denne månaden blir det sendt ut informasjon til elevar og føresette. Ved skulestart i august vil det bli samling for hybelelevane, og tidleg på hausten vil ein representant frå Bama kome til skulen med kurs om kosthald og grønt. Matkurset vil bli halde i skuletida og integrerast i kroppsøvingsfaget der fokus på kosthald og livsstil no er ein del av læreplanen.
Det er viktig å lære hybelbuarane verdien av sunn mat. Det er ikkje så lett å tilpasse seg nye vanar når ein er van med middag heimanfrå. Me vil lære bort enkle rettar ein kan lage på hybelen og få elevane til å innsjå kor viktig det er til dømes med frukost, seier avdelingsleiar Liv Grethe Ekre i Seljord.
Det er også viktig å rettleie i livsstil. Mange får ikkje nok søvn fordi dei sit oppe om nettene og spelar, seier Ekre som karakteriserer prosjektet som hjelp til sjølvhjelp.
Bergane og Ekre legg ikkje skjul på at fråværet ved skulen er for høgt, og dei ser også eit klart skilje mellom hybelbuarar og dei som bur heime. Dei meiner det i nokre klasser har sett seg ein ukultur. Med prosjektet ynskjer dei å vere i forkant.
Det er for mange som ikkje møter i tide. Me ynskjer å innarbeide ein kultur om å møte på skulen. Frammøte må vera punkt nummer ein. Elevane er på skulen for å lære. Når nokon ikkje møter går dette utover dei andre elevane, spesielt når det er snakk om praktiske oppgåver. Det blir ikkje det same om hovudrolla i ei filminnspeling ligg på rommet og snorkar, seier Bergane.
Målet er at elevane skal fullføre skulen på best mogleg vis, legg han til.
Evaluering etter skuleåret
Prosjektet er i samarbeid med folkehelseprogrammet, og koordinator Asle K. Bø i Seljord kommune, helsar det velkome. Kommunen er ein viktig støttespelar til den vidaregåande avdelinga i Seljord. Også helsesyster er involvert i prosjektet som blir evaluert etter skuleåret. Deretter blir det bestemt om prosjektet skal vidareførast.
Målet er å hjelpe elevane til eit stabilt hybelliv. Det er også eit ynskje om å få dei føresette på banen når det gjeld dei unge, seier Ekre, Bergane og Bø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når skuleåret er over har dei høve til å samanlikne til dømes fråværet med tidlegare skuleår, men rektor Bergane understrekar at dei ikkje har noko talfesta mål i prosjektet.