Politikarane i Styret for service og utvikling avgjer i dag om Strømstad blir ein ferieplass, slik Cappelen ynskjer, eller om dei ser vekk frå klaga og beheld eigedomen som heilårsbustad.
Politikarane i Styret for service og utvikling avgjer i dag om Strømstad blir ein ferieplass, slik Cappelen ynskjer, eller om dei ser vekk frå klaga og beheld eigedomen som heilårsbustad.

Cappelen kan få det som han vil

Om politikarane i Kviteseid fylgjer rådmannens framlegg får Carl Didrik Cappelen åtte av dei ni bustadane han har selt som fritidsbustad, akkurat slik han ynskjer.

Framlegget som rådmannen legg fram for medlemene i Styret for service og utvikling (SSU) i Kviteseid i dag, gjev Cappelen medhald i klaga som vart sendt til kommunen 20. september. Rådmannen ynskjer at Cappelen skal få åtte av dei ni bustadane, som alt er selt, som fritidsbustadar. Cappelen ynskte sjølv å behalde eigedomen Silvi Montana som heilårsbustad. Dette er rådmannen samd med Cappelen i.

Stor fridom

Sakshandsamar Halvor Fjone skriv i saksutgeiinga at det er i medhald av jordlova heimel for å ta omsyn til busetjing i delingssaker. Dersom avslaget på å godkjenne Strømstad og Nordskog-Nigard som fritidsbustad skal bli ståande etter klaga, må vedtaket i klagehandsaminga bli grunnlagt nærmare, både når det gjeld omsyn til busetjing og eventuelle andre tilhøve som særmerker dei to eigedomane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– SSU og kommunen har relativt stor fridom til å nytte lokalpolitisk skjønn etter at dei fekk mynde til å ta avgjerder av delingssaker på lokalnivå. Dersom utvalet ynskjer å stå på tidlegare vedtak, må dei grunngje kvifor heiårsbustad er den beste løysinga for dei to eigedomane, skriv Fjone.

– Kan ein krevje busetjing

Sakshandsamaren påpeikar også at Strømstad og Nordskog-Nigard ikkje har hatt fast busetjing sidan 80-talet, og at det ikkje er innlagt vatn og avløp på Nigard.

På Strømstad er det innlagt vatn, men ikkje avløp. Sakshandsamar skriv vidare at det sentrale punktet er om dei to eigedomane har ein standard og ei plassering som gjer det rimeleg å krevje busetjing samanlikna med dei andre eigedomane som er godkjente som fritidseigedomar. Det er til desse to eigedomane at tilkomsten peikar seg ut, og Strømstad er betre vedlikehalde enn dei andre, skriv Fjone, som ikkje kan sjå at tilstanden er så mykje betre på dei to eigedomane at det er rimeleg å oppretthalde vilkåret. Han meiner difor at etter ei samla vurdering burde Cappelen få medhald i klaga.

Fram og tilbake

Søknad om frådeling av dei ni eigedomane frå Kviteseid gard vart sendt til kommunen i mai i vår, og styret for service og utvikling (SSU) handsama saka 25. august.

Då vedtok dei å dele frå seks parsellar frå Kviteseid gard som fritidsbustad, medan dei tri resterande eigedomane Strømstad, Nordskog-Nigard og Silvi-Montana skulle bli delt frå som heilårsbustad.

Grunngjevinga for å tilrå frådeling av seks eigedomar som fritidseigedom vart forklara med noverande standard, storleik og bruk.

Etter dette gjekk saka vidare til det faste planutvalet som valte å gå for eit likeins vedtak som SSU, og Cappelen skogar sendte kommunen ei klage på dette vedtaket.

Vil vurdere på nytt

I klaga frå Cappelen blir det lagt vekt på mangelfull grunngjeving i vedtaket for at Strømstad og Nordskog-Nigard skal vere heilårsbustadar. Han meiner at noverande bruk og tilstand av dei to plassane, og dei siste 20-25 åra, gjer at søkjaren ser det urimeleg å stille krav om at dei blir nytta som heilårsbustad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Cappelen meiner også at vedlikehaldsbehovet overstig leigeinntektene, og ser sal som fritidsbustad som beste alternativ for å finne kjøparar som er viljuge til å bruke fritid og investere i eigedomen.