Tarjei Gjelstad, ordførar i Kviteseid.
Tarjei Gjelstad, ordførar i Kviteseid.

72 % sa nei i Kviteseid: «Innbyggjarane var ikkje einige med ordføraren»

I Kviteseid sa nesten 72 prosent av veljarane nei til samanslåing med Seljord.

894 kviteseidingar, eller 43 prosent av dei røysteføre, var med og sa anten ja eller nei til ei samanslåing med Seljord. 71,81 prosent sa nei, 27,52 prosent ja og resten var blanke røyster.

Kviteseidordførar Tarjei Gjelstad (Ap) har hatt tru på å byggje ny kommune saman med Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det var ikkje veldig prestisje i det frå mi side, seier han etter at valresultatet er kjent.

– Innbyggjarane var ikkje einige med ordføraren, og det må eg ta med til kommunestyremøtet 16. juni, held han fram.

– Men det blir ikkje vedteke ei samanslåing 16. juni?

– Eg får ta nei-røystene i handa eg er sterkast i, seier Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad, der han står med mindretalsrøystene i venstrehanda.
– Eg får ta nei-røystene i handa eg er sterkast i, seier Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad, der han står med mindretalsrøystene i venstrehanda.

– Nei, nei. Saka er eigentleg avgjort no, svarar Gjelstad.

Han blei overraska over at talet på nei-røyster blei såpass høgt som det gjorde.

Fornøgde

Ei som har grunn til å smile etter at valresultatet er kjent, er Anne Birgit Sollid (Sp), som ikkje vil ha samanslåing.

– Eg er veldig fornøgd. Eg var på førehand veldig spent, og på folkemøta fekk me ikkje noko veldig «aldri i verda samanslåing». Prosentvis sa fleire nei til samanslåing enn eg hadde trudd, seier ho.

Else Ann Grave Hauglid (H) er for ei kommunesamanslåing, men ikkje i den vesle skalaen som det blei røysta over no. Derfor er ho fornøgd med resultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kviteseid har eit veldig godt samarbeid med Nissedal på tre område. Å ofre det gode samarbeidet for å etablere ein småkommune saman med Seljord synest eg lite om, seier Hauglid.

Tarjei Draugedal (KrF) har vore i tvil om han skulle seie ja eller nei til ei samanslåing med Seljord.

– Resultatet i Kviteseid er heilt greitt og som venta, seier han.