Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicius, som driv Mjonøy, må ut med 850.000 kroner for å kjøpe staden.
Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicius, som driv Mjonøy, må ut med 850.000 kroner for å kjøpe staden.

Får kjøpe Mjonøy for 850.000 kroner

Drivarane av Mjonøy, Ellen Nordstoga og Darius Jasmantavicius, har blitt einige med stiftinga Mjonøy om ein kjøpesum på 850.000 kroner. No er det opp til kommunestyret og seie endeleg ja til sal.

Men det var usemje i stiftinga Mjonøy om prisen. I forhandlingsutvalet, som bestod av rådmann, to politikarar og to frå handverkslaget, gjekk fleirtalet på tri for ein kjøpesum på 850.000 kroner. Mindretalet ynskte ein høgare pris.

– Det har heile tida gått framover, sjølv om det har vore usemje internt, seier rådmann Hans Kristian Lehmann.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur båe partar er like fornøgde, eller misfornøgde, legg han til.

Ellen Nordstoga seier at kjøpesummen er heilt på grensa av kva dei kunne klare å betale, men trur resultatet var det best moglege.

– Me er veldig fornøgde med å ha kome så langt, seier Ellen Nordstoga.

I vår skisserte rådmannen ein kjøpesum på 500.000 kroner. I framlegget til formannskapet var det også klausular om at handverkslaget skulle få leige lokale i ti år og at kommunen skulle ha forkjøpsrett. Premissane dei to partane no er samde om inneheld berre kjøpesum på 850.000, og ingen klausular.

Formannskapet handsamar anbefalinga frå stiftinga i møte neste torsdag, før kommunestyret avgjer saka i neste møte. Også handverkslaget skal seie sitt endelege ja.

– Me håpar å vera eigarar etter kommunestyremøtet, seier Nordstoga.