Tett på hundre konfirmantar frå Vest-Telemark kom saman i Åmot denne helga
Tett på hundre konfirmantar frå Vest-Telemark kom saman i Åmot denne helga

Samla konfirmantane

Tett på hundre konfirmantar frå Vest-Telemark kom saman på Vinjehuset i Åmot laurdag.

Dagen starta med å snakke om oppdraget ungdommane skal ta fatt på denne veka, når dei skal banke på dører i Vest-Telemark med bøsser og samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I fjor gjorde konfirmantane ein kjempeinnsats då dei samla inn over 270 000 i Vest-Telemark, fortalde prostidiakon Eilev Erikstein som leia samlinga.

Konfirmantane hadde fotballturnering før dei avslutta dagen med mat og gudsteneste i festsalen på Vinjehuset.