Kan bli stengt: Frå nyttår kan døgnposten ved Seljord DPS vere historie.

Dei seks ordførarane med felles oppmoding: – Sjukehuset må opne for ei overgangsløysing

I eit brev til Sjukehuset Telemark uttrykker dei seks ordførarane i Vest-Telemark at dei er særs uroa for tilbodet ved Seljord DPS.

Etter at psykiateren ved det distriktspsykiatriske senteret vart pensjonist har leiinga streva med å rekruttere ny. I september varsla dei at dersom det ikkje er ein psykiater på plass innan jol vil avdelinga i Seljord bli lagt ned, og sengeplassane bli flytta til Notodden eller Skien.

Ordførarane i Vest-Telemark er urolege for situasjonen, og ber leiinga ved sjukehuset om å opne for ei overgangsløysing i ein periode på inntil to år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I brevet frå Vest-Telemarkrådet går det fram at det er spelt inn konkrete framlegg til sjukehuset om forslag til ulike turnusløysingar ein kunne prøvd ut i overgangsperioden, men at desse har blitt avvist.

Inntrykket er derfor at prosessen nå blir styrt i retning av nedlegging.

«Gjennom mange år har ein bygd opp eit stabilt og kvalitativt godt tilbod i Seljord. Her er det kompetent arbeidskraft som utgjer 21 årsverk. Det er eit viktig psykisk helsetilbod for innbyggjarane i Vest- Telemark, men også for personar i heile øvre Telemark», skriv ordførarane.

Dei meiner nedlegging av DPS i Seljord vil innebere ei ytterlegare nedbygging av psykiatritilbodet i Noreg. Og understrekar at dette er stikk i strid med regjeringa si uttalte satsing på psykisk helse.

Les også
Kommunane ser på korleis dei kan bidra til at tilbodet ved Seljord DPS blir oppretthalde
Les også
Meiner sjukehuset bør ha ein annan plan B enn å leggje ned DPS
Les også
Dette svarar helseministeren om DPS i Seljord
Les også
Seljord DPS slit med rekruttering. – Me kan ikkje drifte utan psykiater