Ikkje alle firma er like avhengige av marknadsføring. Tvert imot – Astrid Lundeberg fryktar å måtte seie nei til altfor mange. Her er ho i ferd med å bløyte klingen.
Ikkje alle firma er like avhengige av marknadsføring. Tvert imot – Astrid Lundeberg fryktar å måtte seie nei til altfor mange. Her er ho i ferd med å bløyte klingen.

Superhemmeleg bakeri

Ikkje ei einaste krone har bakeriet i Lårdal bruka på å avertere. Det tør ikkje dei to bakedamene. Til det er pågangen altfor stor.

Kjem ein køyrande nedover Lårdal kan ein ikkje unngå å observere ein del av livet innanfor vindaugo i hus som ligg kloss i vegen. Slik også ein novemberettermiddag. I ein sving nede i bygda blei det registrert aktivitet inne i eit tidlegare butikklokale.

– Nei, nei, me har så fullt med tingingar at me klarar ikkje meir før jol, er den fyrste reaksjonen til mor og dotter Lundeberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hundre til dagen

Med lovnad om ikkje å setje artikkelen på trykk før tett innunder jol går dei likevel med på ein liten prat, alt medan dei sjauar på. Mor Astrid bløyter kling og Anne Karen smør. I tida før jol blir kring hundre leivar baka ut, steikte og smurde pr. dag. Til saman går noko over tri tusen kling i året ut frå verksemda Anne Karen Lundebergs bakeri.

Klingen er hovudproduktet, men damene bakar også småkaker, som krumkaker og goro, i tillegg til mørlefse og smultringar. Av pågangen frå folk som vil kjøpe utleiar dei at mange saknar dei tradisjonelle bakevarene.

– Den eldre generasjonen er i ferd med å falle frå, og det er mange av dei eldre som baka for andre som no sluttar. Det merkar me, seier dei to.

Heile Sør-Noreg som kundekrins

Det er tredje året bakeriet i Lårdal er i drift, og damene bakar på bestilling heile året. Kundekrinsen strekkjer seg langt ut over nærområdet.

– Gjennom vener og kjende har me fått kundar frå heile Sør-Noreg, smiler dei to, som altså har null trøbbel med avsetjinga.