Norsk Knivforening har gjeve heidersprisen «Den sorte hånd» til Øivind Klausen for arbeidet hans med knivblad.
Norsk Knivforening har gjeve heidersprisen «Den sorte hånd» til Øivind Klausen for arbeidet hans med knivblad.

Varmsmidd heiderspris

Smeden Øivind Klausen i Fyresdal har blitt tildelt prisen «Den sorte hånd» for fortenestefullt arbeid med å ivareta og utvide norsk knivtradisjon.

Det er Norsk Knivforening som deler ut heidersprisen. Organisasjonen har 3.600 medlemmer. Innafor knivmiljøet er prisen eksklusiv og heng svært høgt.

Klausen fekk utmerkinga på årsmøtet foreininga hadde under dei nordiske jakt- og fiskedagane på Elverum sist helg. Fredag føremiddag blei smeden beden om å kome på årsmøtet foreininga skulle ha seinare på dagen. Då byrja han å ane at noko var på gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg føler meg ikkje fortent til prisen når eg ser på dei andre kapasitetane. Men det er ei stor ære å få han, og ein veldig inspirasjon til å drive vidare med smiing, smiler Klausen.

Byrja som hobby

I 1974 byrja Klausen med smiing av knivblad som hobby. Fyrste store ordren kom i 1991. Då leverte han 500 knivblad til Sølvsmia på Voss. Sidan gjekk det slag i slag. Han har vore på utallige messer og andre stader for å vise knivsmiing.

Klausen lagar ikkje lenger så mange knivblad. Han har gått meir over til å produsere spesialverktøy som til dømes lafteøksar.

Smeden har også vore kreativ og funne på nye ting å drive med. Under overrekkinga på Elverum blei det nemnt at han tek vare på ei rolle smeden hadde mange år tilbake. Klausen har etter kvart smidd ein del brurepar i hymens lenker. Han smir saman to hjarte under seremonien.

– Eg gjev aldri garanti for at ekteskapet skal halde, men kan eg vere med og gjere dagen minnerik, så..., smiler smeden.

Gullbryllaupspar

På Elverum fekk han eit artig spørsmål om å smi eit par i hymens lenker under villmarksmessa i Alta neste sommar.

– Den har eg veldig lyst på. Det er det som gjer jobben så triveleg når eg får reise ein del og treffe mange artige folk, smiler Klausen.

Førebels i år har han smidd åtte giftelystne par, og fleire er på gang. Planen er å smi eit gullbryllaupspar i nær framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Litt seint...?

– Ja, men då synest eg symbolet illustrerer godt at dei har halde saman i 50 år, svarar smeden.

– Det har vore veldig mykje triveleg rundt smiinga av brurepar. Og så alle dei fine brurene då..., avsluttar han som nå har ei svart hand meir enn vanleg.