Seljordingar på vippen
Senterpartiets Lars Bjaadal og Kristian Espeland frå Kristeleg Folkeparti, begge frå Seljord, kan avgjera kven som skal aksle fylkesordførartrøya for dei neste fire åra. Sp har fem representantar i det nye fylkestinget, KrF tri.
Arbeidarpartiet, med Jørund A. Ruud som fylkesordførarkandidat, har 14 representantar. SV har seks. Dermed treng dei to partia på den tradisjonelle venstresida bare støtte frå ein representant for å ha fleirtal i fylkestinget. Det kan Venstre hjelpe dei med, med sin eine representant.
I dagens fylkesting står alle dei borgarlege partia bak fylkesordførar Andreas Kjær (Sp). Framstegspartiet har auka gruppa si med ein representant, og har no ni. Høgre har mista fire, Venstre ein, KrF fire og Sp ein. Dermed er Frp det største partiet på borgarleg side.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framleis fylkesordførarkandidat
Eg er framleis fylkesordførarkandidat, seier Lars Bjaadal. Men han vil ikkje forskottere resultatet av dei tingingane som no står for døra. Før han vil signalisere kva side Sp stiller seg, skal både styret og fylkesrådet i partiet drøfte strategien.
Det avgjerande vil vera at me kan få mest mogeleg gjennomslag for politikken vår. Alt er mogeleg for å vinne posisjonar, seier Bjaadal. Han er elles godt nøgd med at partiet har fått god oppslutnad i fylkestingsvalet.
Det viser at folk trur på programmet vårt og lista vår. No står det att å halde fokus på «å ta heile Telemark i bruk». Det vil vera viktig i drøftingane om posisjonar i fylkestinget, seier Bjaadal.
Reine ungkarsfesten
Heller ikkje Kristian Espeland, fyrstekandidat for KrF, vil konkludere om partiets haldning i val av fylkesordførar og posisjonar. Fyrst blir det drøftingar i noverande borgarlege gruppe. Deretter ventar strategisk møteverksemd i partiet.
Eg vil høyre kva den borgarlege gruppa, og vårt eige parti, meiner før eg trekkjer slutning. Sjølv tenkjer eg borgarleg, men ser alternativ. Som sentrumsparti er KrF samd med Ap og SV i mange saker, seier Espeland.
Dersom me ikkje finn fram til semje borgarleg, kan det bli reine ungkarsfesten, med friarar i alle leiar, kommenterer han.