I fylgje John Kleivstaul (t.h.) og Halfdan Haugan er Sp, Ap og SV inne i

konstruktive forhandlingar. Om denne konstellasjonen blir samde, er det mykje truleg at Kleivstaul blir ordførar og Haugan varaordførar.
I fylgje John Kleivstaul (t.h.) og Halfdan Haugan er Sp, Ap og SV inne i konstruktive forhandlingar. Om denne konstellasjonen blir samde, er det mykje truleg at Kleivstaul blir ordførar og Haugan varaordførar.

Kleivstaul og Haugan pratar saman

Torsdag kveld sat Senterpartiets John Kleivstaul og Arbeidarpartiets Halfdan Haugan i drøftingsmøte. Med i forhandlingane var også Sosialistisk Venstreparti. – Me har ein konstruktiv og god dialog med Ap og SV. Det blir nok vanskeleg å takke nei til tilbodet deira. Drøftingane held fram måndag om vel ei veke, uttalar ein ordknapp John Kleivstaul. Måndag skal Sp starte forhandlingar med dei nåverande samarbeidspartnarane Høgre, KrF og Venstre. – Senterpartiet er på vippen og det er ein ynskjeposisjon. Meir vil eg ikkje å seie, kommenterer John Kleivstaul.

Torsdag kveld sat Senterpartiets John Kleivstaul og Arbeidarpartiets Halfdan Haugan i drøftingsmøte. Med i forhandlingane var også Sosialistisk Venstreparti.

– Drøftingane er ikkje sluttførde ennå, men me tek sikte på å bli einige, var Halfdan Haugans knappe kommentar torsdagskvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vanskeleg å takke nei

Både Høgre og Arbeidarpartiet har seks mandat i kommunestyret. Saman med Sp (oppslutnad på 16,7 prosent og fire mandat) og SV (oppslutnad på 13,1 prosent og tri mandat) har Ap nå starta forhandlingar. I ein slik konstellasjon er det mykje som tyder på at John Kleivstaul inntek ordførarrolla og Halfdan Haugan kaprar varaordførarposisjonen.

– Dette får de meg ikkje til å uttale. Men eg fylgjer tankerekkja, for å seie det slik. Me har ein god dialog med Ap og SV, og det blir truleg vanskeleg å takke nei til deira tilbod, uttalar ein ordknapp Kleivstaul.

– Ynskjer du deg tilbake i ordførarrolla?

– Ja, du må så seie. Eg har ikkje fått tenkt så nøye gjennom dette med ordførarrolla

sidan situasjonen me er i nå kom uventa. Men det er klart det freistar å vere ordførar når ein fyrst driv med politikk. Dess høgare posisjon ein har, dess oftare får ein gjennomslag for partiets kampsaker. Når det er sagt, er det ingenting som er klart per i dag. Det einaste sikre er Senterpartiets vippeposisjon. Me er i ein ynskjeposisjon. Meir vil eg ikkje å seie, kommenterer John Kleivstaul.

Forhandlingane mellom desse tri partia held fram måndag 29. september.

Vanleg folkeskikk å takke ja til invitasjon

Forutan konstellasjonen Sp, Ap og SV kan ein sjå føre seg ei anna mogeleg løysing for å få den politiske kabalen i Seljord til å gå opp. Måndag skal Sp inngå drøftingar med dei nåverande samarbeidspartnarane Høgre, KrF og Venstre. Skal Edvard Mæland (H) kunne halde fram som ordførar, må han ha med seg desse tri partia. Ved ei slik politisk gruppering kjem etter alt å døme nåverande ordførar Edvard Mæland til å halde fram i førarsetet også dei fire neste åra, medan Kleivstaul får varaordførarvervet.

– Måndagskvelden er Senterpartiet invitert til drøftingar med Høgre, KrF og Venstre. Me har hatt eit godt samarbeid med desse partia i åtte år, og me kjem difor til å drøfte ei løysing med dei. Det er vanleg folkeskikk å møte fram når ein blir invitert, seier John Kleivstaul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved kommune- og fylkestingsvalet i -99, var det også langvarige tingingar om ordførarklubba i Seljord. Etter at alt såg ut til at Ap gjekk sigrande ut, blei Sp og Høgre samde på tampen og Kleivstaul og Mæland bytte verv. Mæland blei ordførar og Kleivstaul varaordførar.