Gamleskulen er redda
Den gamle skulebygningen i Treungen står ikkje lenger i fare for å bli riven. Ekteparet Anna Tveit Olsen og Oddvar Olsen kjøper bygget og vil gjere det til eit «minikulturhus».
Gamleskulen i Treungen blei bygd i 1919. Nissedal kommune har dei siste åra hatt dispensasjon for å ha småskulen der. Rundt nyttår står eit nytt skulebygg klar til å overta elevane.
Politikarane har diskutert kva dei skal gjere med den ledige gamle bygningen kloss ved. Riving har vore eit tema, men politiske krefter har arbeidd for å lufte om nokon ynskjer å overta gamleskulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen interesserte møtte då kommunen inviterte til visning av gamleskulen. Mangeårig vaktmeister i bygningen og for resten av Tveit skule, Oddvar Olsen, kunne eigentleg tenkje seg å kjøpe bygget, men då måtte det vere for ein lagleg pris.
Skulehuset
Då han og kona Anna fekk høyre at dei to leilegheitene i øvste etasje av gamleskulen kunne takast i bruk, vakna den skikkelege interessa hos dei. Anna la vekt på at dei skulle kunne leige ut areal i bygningen og at det å eige huset ikkje skulle gå ut over privatøkonomien.
Me hadde lyst til å vere med og redde gamleskulen. Dei fleste i bygda har vore elevar der og har eit forhold til han. Det ville vere galskap å rive bygningen, og slikt kan ein ikkje vere vitne til i bygda, seier Oddvar.
Ekteparet baud kommunen 30.000 kroner for gamleskulen, og fekk napp. Får dei ei høveleg tomt ved bygningen og ei grei avkøyring er dei klare til å overta ved nyttår, rundt den tida det nye skulebygget står ferdig.
Det fyrste som skal skje er at gamleskulen skal bli raud slik han var før. Dessutan skal han få tilbake namnet Skulehuset, fortel Anna. Det er også planar om å gjere anna arbeid for å få bygget tilbake slik det var tidlegare.
Småindustri
Paret har eit ynskje om å få inntekter slik at dei kan ta vare på bygningen. Planen er verken å tape eller tene pengar på investeringa.
Me har ein tanke om å gjere bygget om til fleirbrukshus, eller «minikulturhus» med kunst og handverk, og ha det til produksjonslokale for småindustri. Der kan det vere snikkarverkstad, keramikkverkstad, veving, møbeltapetsering og kurslokale. Har folk andre idéar er me opne for det, inviterer Olsen-paret.
Oddvar meiner det er for lite handverksindustri i bygda, og det kan gjerast noko med når Skulehuset blir opna for ny bruk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er tanken at me skal vere der borte og «rote» litt, smiler Oddvar, og tenkjer hobby for han og kona når dei snart blir pensjonistar.
Me er stappfulle av idéar, vedkjenner Anna, lysten på å få god stemning og liv i ein bygning mange er glade for at paret tek vare på.