Fyrar av mot vinterjakt på elg
Fyresdal har vedteke vinterjakt på elg 14 dagar i desember. Det har fått viltnemnda i Tokke til å vakne litt vel seint på post. Når fyrst reaksjonen kjem, er angrepet frå naboen i nord lada med skarpe protestar.
Elgmerkingsprosjektet i Fyresdal få år tilbake viste at mange av dei 20 radiomerka elgane trekte til Skafsåheia om somrane. Etter at elgjakta var ferdig og snøen kom i heia visste trekkmønsteret at dyra valde området nord i Fyresdal. I enkelte område gjorde stamma store beiteskadar på ungskogen.
Etter denne dokumentasjonen ynskte Fyresdal å prøve med vinterjakt for å ta ut ein del av skadedyra som sytte for ribba plantefelt. Vilkåret for ei slik jakt var at kommunen fekk godkjent ei eiga forskrift om det nye tiltaket, som skulle vere avgrensa til dei fyrste fjorten dagane i desember. Under høyringsrunden kom Telemark Jeger- og Fiskerforening med positive innspel, og kommunen hadde ikkje motteke nokon negative merknader då fristen gjekk ut. Men så small det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinterjakt for å fylle kvotane
Me er klar over at me er for seint ute i høve til høyringsfristen, men vil likevel kome med synspunkta på utvida jakt etter elg, skriv skogbrukssjef Sverre Bakke på vegne av viltnemnda i Tokke.
Nemnda har ei oppfatning av at det ikkje er bestandsmessige grunnar til ei utviding av jakta. Nemnda set seg på bakbeina mot at dei tri storvalda det gjeld skal starte vinterjakt.
Viltnemnda i Tokke oppfattar utviding av jakta slik at ein i desse storvalda i Fyresdal har fått så store kvotar at det ikkje er nok elg til å fylle kvotane innafor den ordinære jakta. For å fylle kvotane må ein utvide med vinterjakt, det er me imot, varslar Tokke viltnemnd.
Tokke meiner ein heller må vente litt for å sjå om dei store fellingskvotane i båe kommunane reduserer beiteskadane.
Human jakt?
Viltnemnda i Tokke konkluderer utvidinga med at skogeigarane i nordområdet i Fyresdal vil ha både i pose og sekk.
Etter det me veit har kvotane i Fyresdal vore høge slik at skogeigarane i dette området også har teke ut ein kompensasjon gjennom eit stort kjøttutbyte dei siste åra. Med så store kvotar må ein rekne med ein del skadar, meiner nemnda.
Me ser også på dette med human jakt. Det kan reisast innvendingar mot at ein skal drive jakt på elgen fyrst frå 25. september til 1. november. Deretter blir det starta ny jakt på snø i 14 dagar i desember på den same elgen, og på den som har trekt frå Tokke. Dersom me i framtida vil ha ei sunn og vekstkraftig elgstamme, må den få ro gjennom vinteren, heiter det i den avsluttande kruttladinga retta mot at Fyresdal innfører vinterjakt.
Svarar med ny invitasjon om samarbeid
Kjell Sverre Thoresen, avtroppande leiar i Fyresdal viltnemnd, fortel at noko av fellingskvoten på elg er halde att til vinterjakta som tri storvald i kommunen kan starte 1. desember. Viltnemnda i Fyresdal har bede administrasjonen svare på angrepet frå Tokke, og det i ein litt annan tone enn utblåsinga frå naboen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Viltnemnda konkluderer med at me heller vil invitere Tokke til samarbeid om elgforvaltinga i regionen, seier Thoresen.
Fyresdal har tidlegare møtt ei kald skulder frå Tokke på akkurat den tanken, men det blir som med jakta; finn du ikkje elg eine dagen, så må du prøve att.
Tokke har avvist samarbeid før. Nå kjem dei med mange innvendingar. Hadde me samarbeidd, hadde me ikkje hatt desse problema, seier Thoresen.
Han er ikkje samd med Tokke som meiner det ikkje er bestandsmessige grunnar for vinterjakt. Elles påpeikar Thoresen at Fyresdal ikkje er i nærleiken av det minstearealet som Tokke opererer med.
Det viser at fyresdølane ikkje er ute etter kjøtt, men rett forvalting. Me er opptekne av ei langsiktig elgforvalting, seier Thoresen.
Han meiner dei to kommunane har ei stamme båe eig, sidan elgen trekkjer frå det eine området til det andre. Elles føler den avtroppande leiaren at fyresdølane indirekte blir skulda av Tokke for å drive med inhuman jakt.
Vinterjakta er avgrensa til 14 dagar, og det er ikkje avgjerande for stamma. Det blir jakta i eit område med beiteskadar. Mange jaktar med bikkje, og det uroar veldig lite. Blir det stor snø avgrensar jakta seg sjølv, avsluttar Thoresen, som er svært lite lysten på å krangle med naboen.