Elevane i 10. klasse ved Tveit skule i Treungen tar avstand frå vald. Her har dei fått på seg t-skjortene dei fekk av Nissedal Raude Kross.
Elevane i 10. klasse ved Tveit skule i Treungen tar avstand frå vald. Her har dei fått på seg t-skjortene dei fekk av Nissedal Raude Kross.

Ungdom mot vald

Raude kross vitja ungdomskuleelevar på Tveit skule i Treungen. Gjennom rollespel og samtale måtte dei unge ta eigne val, og sette ord på fordomar.

To representantar frå Nissedal Raude kross var tilstades på Tveit skule i Treungen saman med ungdomsrepresentant i Telemark Raude Kross, Marlena Sljivo. Ho jobbar aktivt innan «ungdom mot vald»-aksjonen. Etter opplæring på fleire treningsleirar reiser ho nå rundt til skuleklasser og liknande for å fortelje og skape dialog om vald.

9. klasse ved Tveit skule fekk besøk på føremiddagen, og etter storfrikvarteret tok Raude Kross-representantane turen til elevane i 10. klasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klassas reise

Fyrste oppgåva Sljivo gav elevane kalla ho «klassas reise». Her måtte dei setje seg inn i ei hending som skjedde under andre verdskrig. Elevane vart delt i tri grupper og fekk eit brev frå ei jødisk jente som ynskte at dei skulle hjelpe ho å flykte, slik at ho ikkje vart sendt i konsentrasjonsleir. Kvar gruppe forma eit brev tilbake til den jødiske jenta.

Dei tri gruppene i 10. klasse ynskte alle å hjelpe jenta, dei laga kreative løysingar om korleis dei skulle få med seg den jødiske jenta og familien hennar ut av landet.

Då elevane hadde framført sine løysingar på oppgåva fekk dei sjå korleis det gjekk med den jødiske familien. Dei vart ikkje redda, men sendt saman med 532 andre jødar i båt til konsentrasjonsleir. Få av dei overlevde.

– Deira brottsverk var at dei var jødar, fortel Sljivo som meiner det passa godt med denne oppgåva sidan 10. klasse-elevane skal til Polen med dei kvite bussane seinare dette skuleåret.

The Wall

Etter rollespelet, som tok elevane over 60 år tilbake i tid, kom dei tilbake til notid.

– The Wall er ei oppgåve som skal gjere elevane meir bevisste på eigne fordommar, fortel Sljivo, og undra om ungdommane visste om nokre fordommar.

Ho fortalde at ein fordom ofte kjem av ei uttale frå ein person som seier noko før ein eigentleg veit kva ein snakkar om.

Elevane meinte at fordommar ville vere å dømme eit menneske før ein lærde det å kjenne. Rasisme, homofili, utsjåande eller hudfarge kom som døme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fordommar, eller fiendebilete, er ofte starten på konfliktar og kan skape krangel eller krig. Som i den førre oppgåva var det fordommar mot jødane som skapte problema, uttalar Sljivo.

Nei til vald

Representantane frå Nissedal Raude Kross ynskte å dele ut t-skjorter til elevane, med stopp valden-motiv som avslutting av besøket.

Alle elevane tok i mot t-skjorta og var einige om at vald ikkje var den rette måten å løyse konfliktar på.