Økonomisjef i Kviteseid, Inge Martin Bakkebø, har sagt opp stillinga si, men held fram med å addere og dividere tal til kommunen har funne ein innbytar (Arkiv
Økonomisjef i Kviteseid, Inge Martin Bakkebø, har sagt opp stillinga si, men held fram med å addere og dividere tal til kommunen har funne ein innbytar (Arkiv

På ny leiting etter økonomisjef

Økonomisjef i Kviteseid, Inge Martin Bakkebø, har sagt opp. Han blir truleg i kommunen til ein ny økonomisjef er på plass.

Økonomisjef Inge Martin Bakkebø har sagt opp jobben sin, og kommunen jaktar etter ein etterfylgjar.

– Eg hadde ingen planar om å gje meg i Kviteseid, men sjansen melde seg då ei stilling som rekneskapssjef i Porsgrunn kommune vart ledig, fortel Bakkebø, som meiner det freistar med 10 minutt lang arbeidsveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakkebø vart tilsett i Kviteseid kommune våren 2003 og har sidan då jobba med store og vanskelege tal i kommuneøkonomien.

Ikkje stolt

Bakkebø meiner jobben som økonomisjef er veldig grei, og arbeidsmiljøet og oppgåvene er spanande og utfordrande.

– Eg er ikkje stolt av å seie opp jobben etter så kort tid, men somme gonger får ein sjansar ein ikkje kan seie nei til, meiner han.

– Skal du gå vanleg oppseiingstid?

– Nei, eg har gjeve kommunen tilbod om å bli her til ein ny person er på plass i min stad. Eg har også starta litt i den nye jobben i Porsgrunn, så eg er noko der og noko her. Men blir nok delvis i Kviteseid fram til seinsommaren, seier han.

Standar system

Bakkebø trur ikkje det blir vanskeleg for ein ny person å overta jobben som økonomisjef i Kviteseid, om han eller ho kjenner til systemet og rutinane som mange kommunar nyttar i dag.

– Kviteseid ynskjer å leggje seg på eit arbeids-system og ha rutinar som er standard for mange kommunar i landet. Ta til dømes jobben eg har fått i Porsgrunn, der kan eg jobbe ut frå same systemet me har i Kviteseid, fortel han.

Bakkebø rosar administrasjonen i Kviteseid for at dei har vore flinke til å standarisere arbeidet slik at det blir lettare for politikarane å få til samarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser det som mi oppgåve å ha det så ryddig at det er lett å overta jobben etter meg, seier økonomisjefen.

God dialog

Bakkebø oppmodar kommunen til å halde fram med ein open dialog til innbyggjarane.

– Me må sjølvsagt fylgje pressereglementet, men det er viktig å vere så open som mogleg. I Kviteseid er pressa ein fin måte å kommunisere med publikum, meiner Bakkebø.

Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, er samd med Bakkebø at det er viktig med ein open dialog. Tveito trur ikkje det blir lett å finne ein innbytar for Bakkebø, men vonar dei finn kandidatar som ser på Kviteseid som ei utfordring.

– Me er veldig leie oss for at Bakkebø skal slutte, men set stor pris på at han vil halde fram i jobben til me har ein ny økonomisjef på plass, noko me må rekne med at er i boks innan fyrste halvår, uttalar Tveito.