Omfattande omstillingar på omsorgsbordet
Grunna dårleg økonomi vurderer politikarane i Nissedal kjøp av kjøkkentenester ved omsorgssenteret og å gjere om sjukeheimsplassar til eigne bustader. Dessutan blir det sett på fleire interkommunale løysingar innan omsorg.
I april hadde eining for omsorg i Nissedal funne inndekning for 200.000 etter budsjettsprekk. Men grunna endå høgare meirforbruk bad formannskapet om spareforslag på ytterlegare 450.000 kroner innan budsjettjusteringa i oktober.
Einingsleiar, ei utvida leiargruppe og tillitsvalde har kome fram til ulike tiltak dei overlet til politikarane å ta endeleg stilling til for å få redusert driftsutgiftene. Eit av tiltaka som blir vurdert på formannskapsmøtet torsdag er sentralisering av kjøkkentenesta ved omsorgssenteret. Då blir kjøkkenet ved senteret lagt ned. Maten kan bli kjøpt og frakta frå Vinje, som er interessert i ein slik leveranse, eller det kan bli henta i Grenland. Eit anna forslag er å utvide kjøkkenteneste til også å gjelde catering, for å betre økonomien på denne måten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko anna politikarane skal ta stilling til, er om dei vil børste støv av eit dokument om å privatisere vaskeritenesta, eit forslag som blei lagt i skuffen for nokre år sidan.
Kommunen får støtte
Eit anna tiltak rådmannen tilrår å sjå nærare på er omheimling av sjukeheimsplassar til eigen bustad. Ved ei slik løysing får bebuarane fellesarealet rekna saman med sine rom, slik at det tilfredsstiller areal for eigen bustad. Bebuarane må betale husleige, kjøpe mat og vaskeritenester mellom anna, og får medisinar på blå resept, ei utgift som i dag fell på sjukeheimen.
- Omheimling gjeld delar av omsorgssenteret. Bebuarane får ei samla pakke, kan søkje om bustøtte og får neppe auka utgifter i forhold til det dei betaler i dag. Brukarbetaling slår annleis ut i eigen bustad enn i ein sjukeheimsplass, og kommunen kan mellom anna nytte statsstøtteordning om sjukeheimsplassar blir gjort om til eigne bustader, fortel Evy-Anni Evensen, kommunalsjef i Nissedal kommune.
Spesialistkommunar
Vidare skal politikarane vurdere dagens system for eigenbetaling, og i tillegg sjå på nye interkommunale samarbeidsløysingar. Det kan vere om ein kommune i regionen skal ta seg av spesielle tilbod til brukarane.
- Kan ein kommune vere spesialist på eit område som til dømes rehabilitering, medan ein annan tek seg av demens omsorg? Dette skal politikarane vurdere, før ein eventuelt set i gang omfattande prosessar med å få fram konkrete tal for innsparingstiltaka. Det er viktig for administrasjonen å få politisk signal om kva me skal gripe fatt i og ikkje. Krava om innsparing i eining for omsorg er veldig klare, så noko må gjerast. Eining for omsorg låg 350.000 kroner over driftsnivået ved siste budsjettjustering. Det blir knallhardt å spare inn desse pengane i år, så det blir nok fyrst og fremst neste år ein vil sjå resultat, avsluttar Evensen.