Skal ikkje snakke om sladder
Etter å ha studert eit vedtak formannskapet gjorde om offentlege møte, hadde Aud Jonskås (Ap) kome fram til at formuleringa ikkje var i samsvar med det medlemene meinte.
Politikarane i Seljord vil ikkje sitje bak stengde dører og snakke om sladder. Det gjorde Aud Jonskås (Ap) klart frå talarstolen i kommunestyremøtet på Borgen torsdag. Det var truleg heile kommunestyret samd med henne i, i alle fall fekk ho fullt gjennomslag for å stryke eit par av avsnitta som rådmannen hadde ført i pennen som framlegg.
Saka galdt ei høyringsuttale om endringar av kommunelova. Ein av paragrafane som departementet har gjort framlegg om å endre er regelen om offentlege møte. Siktemålet med revisjonen er, i fylgje departementet, å gjera regelen enklare og meir forståeleg for brukarane. Til VTB har kommunerådgjevar hjå Fylkesmannen i Telemark, Stein Elseth, forklara at intensjonen med endringa er å gjera det tydeleg at innbyggjarane har rett til innsyn og til å vera til stades i møte. Som VTB tidlegare har referert, gjorde formannskapet i Seljord eit samrøystes vedtak, som mellom anna hadde denne formuleringa:
Artikkelen held fram under annonsen.
Endringa tydeleggjer kva for omsyn det er viktig å leggje vekt på om møte i folkevalde organ skal vera opne eller lukka. Det er ei positiv endring. Opplysningar som folkevalde får kjennskap til på bygda, som er relevante å trekkje inn i debatten, og i sin art vil vera underlagt teieplikt, gjev heimel for å lukke møtet.
Kva har me gjort?
I kommunestyret entra Jonskås talarstolen med å fortelje forsamlinga at då ho las VTB byrja ho å lure på kva formannskapet hadde gjort for noko.
Ville me stramme meir inn enn det som står i framlegget frå departementet? Eg studerte vedtaket, og fann ut at me gjer eigentleg det i setninga om opplysningar som folkevalde får kjennskap til på bygda o.s.v. Det er slett ikkje meint at me skal sitje og snakke om sladder. Eg ser at formuleringa kan bli misforstått, vedgjekk Ap-representanten, som understreka at formannskapet ikkje hadde meint å stramme inn i høve til framlegget frå departementet.
Strauk det meste
Jonskås gjorde likegodt framlegg om å stryke det meste både av vurderingar og utdjupingar frå lokalt hald om opne og lukka møte. Vedtaket som kommunestyret gjorde blei då avgrensa til: «Endringa tydeleggjer kva for omsyn det er viktig å leggje vekt på om møte i folkevalde organ skal vera opne eller lukka. Seljord kommune meiner presiseringa departementet har gjort i framlegg til endring av paragraf 31 i kommunelova er positiv».
Kan få bruk for komitémodellen
Like stor semje var det ikkje om eit par av dei andre endringspunkta i kommunelova; lovfesting av komitémodellen og utviding av kven som kan bli tilsett på åremål. Her inntok representantane ulik synsstad. Asbjørn Storrusten (H) var usamd med rådmannen i at det er unødvendig å innføre ein ny paragraf i kommunelova som skal gjelde oppretting av komitéar.
Dette er kommunelova for Noreg, ikkje for Seljord. Dessutan, når me skal slå oss saman med resten av Vest-Telemark, har me kanskje bruk for komitémodellen, argumenterte han.
Borgny Tøfte (V) tok ikkje av seg Seljord-brillene, og meinte lokalpolitikarane skulle sjå saka ut frå sin eigen kommune. Det var Halfdan Haugan (Ap) heilt samd i.
Det departementet ber om er kva me er best tende med, presiserte han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit knapt fleirtal avgjorde at båe punkta, om komitémodellen og åremålsstillingar, blei ståande slik rådmannen hadde gjort framlegg om. Om åremålsstillingar heiter det då at «Seljord kommune kan ikkje sjå behovet for å lempe på ordninga».