På austsida har Statens Vegvesen, region Sør, rusta opp Vågslidtunnelen, slik at køyrehøgda er 4,2 meter mot tidlegare 4,0 meter.
På austsida har Statens Vegvesen, region Sør, rusta opp Vågslidtunnelen, slik at køyrehøgda er 4,2 meter mot tidlegare 4,0 meter.

Lei av veghetsing frå telemarkingane

Statens Vegvesen, region vest, meiner telemarkingane bør syte for betre vegstandard på E 134 når dei er redde for at vegen skal bli nedgradert som stamveg. Vegstandarden gjennom Telemark er til hinder for at E 134 er eit godt aust-vest-samband.

Nå er det ingen i Statens Vegvesen som trur at E 134 ikkje også i framtida blir klassifisert som stamveg. Men i samband med at vegstyresmaktene i desse dagar ser på alle vegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet, blir det peikt på at vegstandarden på riksveg 7 gjennom Hallingdal er mykje betre enn standarden på E 134 gjennom Telemark.

Når brua over Hardangervidda opnar om nokre få år, er ein i Vest-Telemark uroleg for at mykje trafikk som i dag køyrer E 134 over Haukelifjell, heller vel riksveg 7 over Hardangervidda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strategisjef Inge Alsaker i Statens Vegvesen, region Vest i Bergen, peiker på at E 134 på vestsida er rusta kraftig opp dei seinare åra. Vegen har ein brukbar standard etter kvart frå Haugesund til Haukeli. På austsida er lite gjort før ein kjem til Kongsberg og vidare mot Drammen.

Telemark heng att

I Telemark har det ikkje vore utbetringar av stamvegen. Difor meiner ein ved Vegvesenet i Bergen at ein på austsida av Haukelifjell heller bør ruste opp E 134 til ein brukbar standard framfor å hetse Vegvesenet i Hordaland for manglande interesse for E 134

– På vestsida av fjellet er det gjort ganske mykje på E 134, men gjennom Telemark er det knapt gjort noko, seier Inge Alsaker til Varden.

Arbeidet med å utrede stamvegane mellom aust og vest skal vere ferdig 1. mars i år. Når vegvesenet har gjort sitt arbeid skal tilrådinga til politisk handsaming og avgjerd.

Neppe nedgradert som stamveg

Til Varden seier Alsaker at han vanskeleg ser for seg at E 134 blir nedgradert som stamveg. Både E 134 og riksveg 7 har mykje å seie for nærområde på båe sider av fjellet. Dei einskilde vegane har næringsoppgåver som ikkje kan bli erstatta av dei andre vegane mellom Austlandet og Vestlandet.

– Alle alternativa som no blir vurderte kan ikkje ende opp som stamvegar. Men alle vegane me ser på no, bør kan hende få ein stor funksjon alle saman, uttaler strategisjefen til Varden.