Etterlyser tryggleik i helsetenesta
Årlege diskusjonar om strukturen i helsetenesta skaper uro. No etterlyser helsesjefen i Vinje stabile og tryggare arbeidsrammer i helsesektoren.
I eit notat til rådmannen ytrar helsesjef i Vinje, Jan Petter Johansen, ynskje om å opprette eit styringsdokument for helsetenesta. Eininga har i fleire år vore i ein diskusjon der ein ikkje har vore sikker på framtidig organisering frå budsjettår til budsjettår.
Konsekvensane blir eit sårbart arbeidsmiljø, og det blir ekstra vanskeleg å rekruttere og halde på kvalifisert personell, seier Johansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han trur eit styringsdokument over 4-6 år kan vera med på å fjerne ein del uheldig spørsmål kring drifta av eininga. Johansen ser for seg at styringsdokumentet blir utarbeid av ei gruppe med politikarar, toppleiinga i kommunen, fagleiar og tillitsvalte.
Me bør kome i gang med eit slikt arbeid i løpet av fyrste halvår i år, og dokumentet bør kunne bli vedtatt av kommunestyret innan årsskiftet, meiner Johansen.
Treng stabilitet
Han ser for seg at dokumentet inneheld ein beskrivande del med helsevariablar for kommunen, og litt om kva helseplagar ein ser føre seg i framtida.
Til slutt bør dokumentet gje føreslag til korleis politikarane skal styre for å førebyggje og handsame helseplager hos innbyggjarane. Framtidig organisasjon og økonomiske rammer er ein naturleg del av dette punktet, skriv han i notatet til rådmannen.
Me treng tryggleik og stabilitet, og ikkje same diskusjon kvar sommar. No lever me frå år til år, og det er viktig å unngå uroa dette skaper, meiner Johansen.
God dialog
Han seier legane på utekontora føler seg utsett til, og at dei er utrygge på jobbane sine. Johansen fortel om ein stabil legedekning dei siste par åra, men ynskjer ikkje å meine noko om kor mange legekontor det er i kommunen om fem år.
Det er politikk. No har me god service med tri kontor. Utekontoret på Edland er viktig. Dette handlar ikkje om eitt, tri eller ti legekontor, men om stabilitet og tryggleik, understrekar han.
Johansen seier det er ein god dialog med politikarane, og meiner det er avgjerande at eit styringsdokument er forankra politisk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Helsesjefen er også lei den stadig tilbakevendande kritikken om stenginga av legekontor om sommaren.
Det er heilt naturleg at legekontora har stengd delar av sommaren. Negative medieoppslag er negativt for eininga, og tar energi frå det me skal gjere, som i neste omgang går utover innbyggjarane, seier Johansen.