Dagleg leiar i VTNU, Henry Mæland, fortel at det no er løyvd om lag 13,7 millionar kroner av RDA-midlane kommunane i Vest-Telemark får i år.
Dagleg leiar i VTNU, Henry Mæland, fortel at det no er løyvd om lag 13,7 millionar kroner av RDA-midlane kommunane i Vest-Telemark får i år.

13,7 mill. RDA-kroner løyvd til regionen

13,7 millionar kroner av kompensasjonsmidlane for bortfall av redusert arbeidsgjevaragift (RDA) for 2006, er fordelte på ulike prosjekt i Vest-Telemark. Henry Mæland, dagleg leiar i VTNU, seier pengane skal så langt råd nyttast i eit langsiktig perspektiv.

Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU) får seks millionar kroner til vidare utbygging av breiband. Kraftverka skyt inn like mykje, slik at det i år blir satsa 12 millionar kroner. Pengane vil bli nytta delvis til vidare utbygging av sjølve infrastrukturen, men også til å få breiband fram til kundane sine hus.

– 3. mars blir eit felles nettselskap stifta i Vest-Telemark. Dette selskapet skal syte for dei lokale spreienetta, fortel Henry Mæland.

Artikkelen held fram under annonsen.

2,5 millionar kroner er løyvd til næringsretta utviklingstiltak. Her kan verksemder eller bransjar søkje om støtte til nye tiltak.

200.000 kroner skal bli nytta til utarbeiding av ein felles næringsplan for kommunane i Vest-Telemark. Planen skal vere ferdig i 2007, og det er sett av 4 millionar kroner til tiltak som blir sette i gang som ein konsekvens av næringsplanen.

Henry Mæland seier at årsaka til at det alt no blir sett av midlar, er at ein førebels ikkje veit om det kjem RDA-pengar i 2007.

Elles er det løyvd 200.000 kroner til kompetanseutvikling. Pengane skal mellom anna nyttast til lærlingetilskot. Etter søknad kan verksemder som har lærlingar, få 25.000 kroner i støtte for kvar lærling.

350.000 kroner er sett av til eit etterbruksfond. Dette er pengar ein vil bruke til å fylgje opp saker dersom det blir slutt på RDA-ordninga.

I alt er det om lag 18,1 millionar RDA-kroner til rådvelde. Framleis er nesten 4,5 millionar kroner ikkje disponerte. Men det er meininga å løyve 600.000 kroner til vegprosjektet som tek sikte på å planleggje ferdig mindre utbetringar på E 134 og Rv 36.

Entreprenørskap og etablerararbeid er eit eige prosjekt gjennom NHO. Her kjem det i år til å bli løyvd 200.000 kroner av RDA-midlane. NHO sitt arbeid rettar seg mot born og unge, frå barnehagen til vidaregåande skule.