Ynskjer helsesenter ein annan stad
Eit fleirtal i Nissedal kommunestyre har sagt eit endeleg nei til å ta i bruk urørt område på Kyrkjebygdheia til etablering av helse- og rehabiliteringssenter og villmarkssenter. Satsinga må i staden skje innan godkjent utbyggingsområde.
Me ynskjer ikkje å leggje ut nye areal til utbyggingsområde for Drangane fjellpark med helse- og rehabiliteringssenter og villmarkssenter. Det er det saka går på. No er saka avslutta, seier Nissedal-ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp), etter 10-7 vedtaket i Nissedal kommunestyre sist torsdag.
Fjellparketableringa på Kyrkjebygdheia fekk aldri fleirtal i planutvalet, men blei liggjande på sidelina medan det var høyringsrunde om kommunedelplanen for det store hytteområdet i Nissedal. På eit kommunestyremøte 13. november i fjor kom mellom anna Skornetten-planen med hyttelandsby og alpinanlegg inn i den rullerte kommunedelplanen. I same møtet bad eit politisk fleirtal administrasjonen leggje fram sak der fjellparken blir vurdert som berekraftig utbygging på Kyrkjebygdheia. Mange heilårs arbeidsplassar og anna skulle vegast opp mot omstridt bruk av heiareal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Intensjonen
Rådmannen fann det vanskeleg å gjennomføre pålegget, utan at det blir gjeve tydelege føringar for kva omfang prosessen skal ha. Rådmannen undra mellom anna om det skal bli ny rullering av kommunedelplanen for Kyrkjebygdheia, og kasta utfordringa inn i formannskapet. Saka vart lyfta inn i kommunestyret sist torsdag for å avklare intensjonen i vedtaket i november.
På same tid som eit fleirtal i kommunestyret avviste å bruke urørt areal utanfor planområdet til fjellparken, vart det i vedtaket påpeika at ein er positiv til etablering innafor eksisterande godkjent planområde.
Vil fjellparken inn på anna areal enn det dei ynskte på Kyrkjebygdheia, må det kome ny søknad. Og det er det me ynskjer dei gjer, seier ordføraren.
Ho legg til at om utbyggjaren finn anna areal, skal kommunen gjerne bruke pengar på å hjelpe med planarbeid, slik som det blei gjort i Skornetten-saka. Då betalte kommunen 150.000 kroner til eit landskapsarkitektfirma for å utgreie saka nærare.
Når det elles gjeld vedtaket frå november om at administrasjonen skal hente inn meir dokumentasjon, meiner ordføraren slik dokumentasjon alt ligg der etter dei førre rundane.
Kontrollere vedtaket
Etter kommunestyrevedtaket ynskte nokon representantar å klage saka inn til Fylkesmannen. Men det er det ikkje høve til lenger i fylgje den nye kommunelova. Det enda med at fire representantar skreiv under på at dei ynskjer ein kontroll om vedtaket er lovleg. Etter det ein kjenner til skal denne kontrollen skje i same organet som handsama saka. Dermed ser det ut til at kommunestyret må trå til igjen, denne gongen for å vurdere om vedtaket er lovleg fatta.
Same kva seier ordføraren at saka om fjellpark i urørt område på Kyrkjebygdheia er over.