Marie Andriana Dalen frå Edland fekk prisen for årets medieprodukt.
Marie Andriana Dalen frå Edland fekk prisen for årets medieprodukt.

Prisutdeling i Hollywood-stil

I beste Oscar-stil blei Selma awards arrangert for femte gong på Granvin kulturhus i Seljord tysdag.

Den vidaregåande avdelinga i Seljord hadde tatt på seg finstasen til prisutdelinga, og kulturhuset var fullsett til den femte Selma awards.

Totalt blei det delt ut 15 prisar til dei dyktige elevane ved Bø vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen fekk æra av å dele ut den fyrste prisen; bordoppdekking. Ho var stolt av den vidaregåande avdelinga i kommunen.

Kulturredaktør i Varden, Anne Spånem, delte ut prisen for beste tekst. Ho tok fram superlativa når ho skildra elevane i Seljord. Avisa samarbeider med medieelevar i fylket.

– Dette er den koselegaste vidaregåande skulen i Telemark. Som medieline konkar de ut både Skien og Porsgrunn, sa Spånem til applaus frå salen.

Som vanleg var det eit proft show på Selma awards som blei bunde saman av konferansierane Marie Gustavsen og Lars Terje Bakka. Både elevar og lærarar bidrog til at tysdagen blei ein festkveld.

Marie Andriana Dalen frå Edland mottok den gjevaste prisen: Årets medieprodukt. Ho fekk også pris for beste tekst for artikkelen «Flyttelassungar».

Før prisutdelinga var det servering av fingermat frå Restaurant og matfag-lina. Og det var også høve til å sjå utstilte elevarbeid.