Etter sist jakt tok SNO dette bildet i Setesdal Austhei villreinområde. Rundt 1.500 rein held til på arealet om vinteren.
Etter sist jakt tok SNO dette bildet i Setesdal Austhei villreinområde. Rundt 1.500 rein held til på arealet om vinteren.

Har sikta inn fulltreffar av ei reinstamme

For ikkje mange år sidan var reinstamma i Setesdal Austhei nesten utskoten. Etter seinare års forvalting har vinterstamma kome opp i 1.500 rein. Til hausten blir det gjeve ut 885 fellingsløyve i området.

Då reinstamma i Setesdal Austhei var i ferd med å bli utskoten, blei området freda for jakt i 2002. Deretter fylgde eit par år med få uttak av dyr under jakta. No er situasjonen langt lysare. Etter å ha fylgd bestandsplanar slavisk over fleire år, er vinterstamma kome opp i 1.500 dyr.

– Etter store fellingskvotar i fleire år, har det vore eit strengt regime der ein fekk kontroll og klarte å byggje opp att stamma. No har me ei god reinstamme og er på nivået me skal vere. Det er bra med dyr, dei har god kondisjon og fine vekter, fortel leiar i Setesdal Austhei villreinlag, Svein Ekre frå Tveiten i Edland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange kalvar

Etter sist jakt talde Statens Naturoppsyn (SNO) 1.422 rein på eit ikkje alt for stort område i Setesdal Austhei. I juni 2008 var det ei veldig god kalveteljing. Ekre var ein av to frå villreinlaget som deltok, i tillegg til SNO. Ved hjelp av helikopter blei det tatt foto og kontrollert med GPS. Ei analysering etterpå dokumenterte 672 simler/ungdyr og 348 kalvar innanfor ein radius på to kvadratkilometer ned mot Bjørgedalen i Valle.

– Teljinga viste ein kalvingsproduksjonen på 51,8 per 100 simler/ungdyr. Dette er ein svært høg verdi, og i overkant av det ein kunne vente. Det gode resultatet har samanheng med god kondisjon og gode beiteforhold, fortel Ekre.

Nyleg blei det gjennomført ei ny og god kalveteljing. Ekre var på plass att, og er godt nøgd med ei teljing på 1300-1400 rein inkludert veldig bra med kalvar. Resultatet er ikkje ferdig analysert. Ekre legg til at ein ikkje såg alle reinsdyra i Setesdal Austhei denne dagen.

Fellingsprosent på 50

Årets kalving i tillegg til ei vinterstamme på 1.500 rein, fører til at haustens uttak blir temmeleg stort. Medan det i fjor blei gjeve 435 fellingsløyve, er talet for 2009 oppe i 885 reinskort. Dei fordeler seg på 20 prosent bukk (frie dyr), 15 prosent simle, 25 prosent simle/ungdyr og 40 prosent kalv.

– Utgangspunktet framover er å halde oss etter styringsdokumentet, som er bestandsplanen. Han byggjer på ein fellingsprosent på 50. Me bør kunne ta ut rundt 400 rein kvar haust dei neste fem åra utan at det gjev negativ utvikling for stamma, seier Ekre.

I forhold til 2003, fyrste året Ekre var leiar i villreinlaget, synest han det er meir moro no når ein har fått opp ei god stamme og det han vonar blir stabile uttak framover.

GPS-prosjekt

For ei tid tilbake blei det merka 15 simler i Setesdal Austhei villreinområde, og det er viktig at jegerane let desse gå. Ekre fortel at dyra dei tri siste åra har gått omtrent på same plassane når dei skal nordover på vinterbeite i oktober–november. Det same skjer når dyra skal sørover til kalvingsområdet.

– Elles er det utveksling av dyr mellom Hardangervidda, Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei. Det er viktig i framtida å ta vare på dei viktigaste trekkvegane mellom desse områda. I Setesdal Austhei er nord-sør-trekket over riksveg 45 svært viktig og må ivaretakast for framtida, seier Ekre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er glad for GPS-prosjektet som har kome dei seinare åra. Det legg vekt på å kartleggje reinens bruk av området og trekkvegar.

– Ein må få tilført statlege midlar og prosjektet må vidareførast i eit lengre perspektiv. I tillegg til at ein ser reinens bruk og trekkvegar, får ein sjå kalvingsområde og kva område som er sommar- og vinterbeite. Det er viktig for forvaltinga å finne ut kva område som blir flittig bruka av reinen, seier Ekre.

Gode kalveteljingar

Ein representant frå kvar av dei sju kommunane i villreinområdet er med i styret i villreinlaget. Ekre fortel at dei har eit godt samarbeid, og det gjeld også med SNO.

– SNO er lett å få med på villreintiltak, og det er gode folk å ha med seg på kalve- og strukturteljingar, slår lagsleiaren fast.

I bestandsplanen for dei komande fem åra legg ein opp til å ha ei vinterstamme som i dag.

– Den beste forvaltinga er å få gode kalveteljingar, for då får ein vite kva tilveksten er. Målet framover er ei stabil stamme og å gjere kalveteljingar og eventuelle strukturteljingar etter behov. Dessutan måler me alle innkomne kjevar, registrerer vekter, type dyr og alder, men førebels ikkje snitting av tenner og visuell vurdering av tannslitasje. Ut av dataa kan ein sjå mykje om beiteforholdet og kondisjonen på dyra, avsluttar Ekre.