Katten Dyno nyttar lydar til å orientere seg, og det er svært moro å leike med Kurt (11 år).
Katten Dyno nyttar lydar til å orientere seg, og det er svært moro å leike med Kurt (11 år).

Mot alle odds

Å vera aleine ute i skogen for ein liten kattunge er ikkje lett, og om han er blind er det mest umogeleg. Denne katten fekk likevel ein ny sjanse.

Anne Nerheim frå Bøgrend i Vinje var tysdag ettermiddag for å hente mannen sin på jobb ved dynamittlageret på Dalen. I staden for å få med seg mannen, fekk ho med seg ein liten firbeint krabat.

– Eg var ute av bilen då eg høyrde noko som eg trudde var ein stor hannkatt som remja. Lyden kom frå skogkanten, og eg bestemde meg for å sjå etter kva dette var, seier Anne Nerheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om lag ein meter ned i ei skråning i ulent terreng fann ho ein liten kattunge som skreik. Då ho tok han opp såg ho i tillegg at han hadde problem med augo.

– I staden for å ta med mannen min heim blei det ein tur til veterinæren, seier Nerheim.

Født blind

Kattungen viste seg å vera ei kjette på om lag fem veker og ho vog berre 450 gram. Veterinæren kunne stadfeste at ho var født utan augo. Sjølv om kattungen truleg hadde vore aleine ute i eit par døgn og var svært svolten og tørst, så var han elles i god form. Veterinæren foreslo å avlive katten, men Anne Nerheim ville gje han ein ny sjanse.

– Ein må alltid tenke på dyrets beste, men då eg såg kor flink kattungen var til å orientere seg, og sidan me alt har to innekattar, bestemde me oss for å prøve å behalde han, seier katteeigaren.

Katten krev litt ekstra tilsyn. Mellom anna må augo vaskas kvar dag, og ommøblering i stua blir det nok ikkje med det fyrste. Men utanom handikapet verkar katten frisk og rask.

– No ser det veldig bra ut. Så lenge det ser ut som katten har det bra og dersom det ikkje blir andre helseproblem, vil me behalde han, seier den nybakte katteeigaren.

Truleg dumpa

Sommaren er høgsesong for dumping av kjæledyr, og like i nærleiken av funnstaden er søppelfyllinga. Kattungen er godt van med folk, difor trur Anne Nerheim at han har blitt dumpa i skogen av nokon som ville bli kvitt han.

– Eg kan ikkje tru at kattemora kvitta seg med han. Han kan ikkje ha klara å koma seg ut i skogen på eiga hand, så truleg har nokon sett kattungen ut for å bli kvitt han. Veterinæren sa at han kunne ha klara seg ute i nokre døgn til, dersom han ikkje blei tatt av andre dyr, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sprek liten krabat

Mangel av syn stoppar ikkje nøstet frå stor fart over golvet og jakt på spanande lydar.

– Det er utruleg korleis han klarar å orientere seg. Han finn alt fram til maten og soveplassen, men sandkassa må me hjelpe han med enno, seier Anne Nerheim.

Ved hjelp av vêrhåra og halen føler han seg fram, og lydar og bank i golvet får han til å koma.

– Om han ikkje er sikker på området rundt seg, går han i stadig større sirklar for å orientere seg, og set nasen i sky som ein rev for å lukte. Ein må verkeleg sjå katten for å skjønne kor godt han fungerar, seier Anne Nerheim.

Kattungen har fått namnet Dyna, etter dynamittlageret. Og ferieplanane til familien har endra seg som fylje av familieauken.

– Eigentleg skulle me ein tur til Bergen, men no ser det ut som om reisa blir utsett, ler ho.