To gonger karrierebeste
Magnus Krog (23) strålar etter to solide løp i verdscupen i kombinert i Lahti i helga.
Helgas høgdepunkt kom laurdag då Krog kunne juble for 13. plass i møtet med verdas beste kombinertløparar.
Kjempebra, og eit hakk betre enn eg hadde forventa, seier ein fornøgd Magnus Krog til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med eit hopp på 118,5 meter var han nummer 20 før langrennet.
Eg klarte å få til eit godt prøvehopp, og var trygg på meg sjølv då eg bytta til goddressen til rennet. Målet var å kome blant dei 20 beste totalt, no var eg der alt etter hoppinga, seier ein nøgd Krog.
15 sekundar bak Krog starta langrennsfantomet Felix Gottwald. Krog hadde mål om å halde austerrikaren bak seg fram til løypas høgste punkt. Dei fyrste sekunderingane i løypa viste at Krog berre tapte få sekundar til verdas beste kombinertlangrennsløpar.
Eg starta nok litt hardt, og roa litt ned til Gottwald kom. Han går utruleg fort, og det var god lærdom å hengje på han, seier Krog, som hang på austerrikaren i to rundar.
Eg måtte sleppe Gottwald. Viss ikkje hadde eg gått på ein kjempesmell, seier Krog, som berre var 18 sekundar bak tetgruppa ein periode.
Då desse gira opp, fokuserte Krog på å ta att dei løparane som låg nærast han i løypa. Det klarte han, og ein fornøgd Krog kunne strekkje armen i vêret då han passerte målstreken til karrierebeste, berre 33 sekundar bak Johannes Rydzek frå Tyskland som vann.
Langrennsnivået i kombinert er utruleg høgt, konkluderer Krog, som sjølv hadde 13. og 14. beste langrennstid i dei to konkurransane.
Fredag blei Krog nummer 18, etter å ha gått ut som nummer 27 etter hopprennet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han brukte dei fyrste dagane i Lahti til å finne det rette spenningsnivået. Det var fyrst på plass til laurdagens konkurranse.
Eg har lært utruleg mykje. Eg klarte å kose meg og ha det artig med konkurranse, seier Krog.
No ventar to noregscuphelger før sesongen er over.
Den internasjonale sesongen er over, så det blir eit høgt nivå på noregscuprenna, seier Krog.