Har fått europeisk kvalitetsstempel

Seljord Personal er ein av dei fyrste attføringsbedriftene i Telemark som har fått kvalitetsgodkjenninga Equass.

Equass – European Quality in Social Services – er eit europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester med ekstern revisjon og sertifisering. Dette skal gje tenesteaktørane i velferdssektoren høve til å sikre kvaliteten av tenestene overfor brukarar og samarbeidspartnarar.

Denne veka fekk Olav Moen, dagleg leiar i Seljord Personal, stadfestinga på at attføringsbedrifta i Seljord har fått kvalitetsstemplet. I to år har dei arbeidd mot å bli sertifisert. Moen medgjev at det har vore ein krevjande prosess, og trekkjer fram innsatsen frå dei sju tilsette i bedrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor eksamen

– Ein er alltid nervøs før ein eksamen, og dette var ein stor eksamen. Ein blir kritisk vurdert, og det er viktig å ha vore gjennom det. No kan me fortelje kvar deltakar at nokon ser oss i korta. Det handlar ikkje om at oppdragsgjevaren Nav skal sjå at dei får valuta for pengane, men at deltakarane blir tatt på alvor. Me har fått eit kvalitetsstempel som betyr veldig mykje meir enn det eg skriv på nettsida vår, seier Moen.

Kvalitetssikringa inneber mykje dokumentasjon og rapportering. Grunnbasen er 100 spørsmål det må bli svart ja på. Deltakarar og tilsette har blitt intervjua av ein revisor. Moen seier dei har blitt meir bevisste i måten å arbeide på, og at dei no er nøye med dokumentasjon av alt.

– Det har vore ein prosess, og me har gjort om fleire ting for å stø krava, seier Moen, og legg til at sertifiseringa er noko heilt anna enn tradisjonell revisjon.

– Det økonomiske resultatet betyr lite eller ingenting. Det er kvar enkelt deltakar som er i fokus, seier den daglege leiaren.

Krav frå Nav

I fylgje nettstaden equass.no er det førebels to andre bedrifter i Telemark med same kvalitetsstemplet. Kompetanseutvikling Grenland og Nopro på Notodden er også equass-sertifiserte. Nav-direktør Terje Tønnesen seier alle attføringsbedrifter skal ha denne sertifiseringa på plass innan utgangen av 2011.

– Dette er eitt av krava me stiller, seier Tønnesen, og legg til at manglande godkjenning kan bety at Nav ikkje kjøper tenester.

– Men me har ein god dialog med kvar bedrift om dette, seier han.

Tønnesen seier Nav også tidlegare har hatt nøye oppfylging av attføringsbedriftene, men at det er ein fordel med eit overordna system som er likt for alle bedriftene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er med på å ta vare på deltakarane og pengestraumen. Me kjøper så mange tenester at det er viktig å sikre god kvalitet, seier Tønnesen.

– Det blir ein del dokumentasjon av reglar og føresegner som er meir omfattande for små bedrifter enn for store, men det er like viktig både for dei små og store bedriftene, seier Tønnesen.