Slår eit slag for det lokale næringslivet
Då formannskapet i Tokke skulle handsame saka om å fornye innkjøpsavtale for papir og kontormateriell, gjorde ordføraren framlegg om å seie nei til fornying. Og nei blei det.
I dag er Tokke med i eit innkjøpssamarbeid, det såkalla BTV- innkjøp. BTV står for fylka Buskerud, Telemark og Vestfold.
Hovudårsaka til at Tokke er med, er for å sikre at kommunen fylgjer lov om offentleg innkjøp, og at BTV-innkjøp forhandlar om avtalene på vegne av kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sakshandsamar Olav Bjørn Bakken i Tokke kommune skriv i saka at Tokke kan reserve seg mot å bli med i avtala, men at dei då må syte for å fylgje regelverket om offentleg innkjøp på eiga hand.
Dette er i praksis svært ressurskrevjande nærast umogleg, skriv han vidare.
Rådmannens framlegg i saka var at Tokke kommune skulle slutte seg til felles BTV-avtale om innkjøp av kontorrekvisita, papir og fritt skulemateriell, som det no skulle forhandlast om.
Meir enn berre pris
Eg fremja faktisk forslag om å seie nei til å fornye avtala. Me er ein del av ei stor innkjøpsavtale, og eg ynskjer heller å arbeide for å finne løysingar som gjer at me kan bruke lokale leverandørar. Det er fleire utfordringar for små kommunar når det gjeld å fylgje lova om offentlege innkjøp, men i mitt hovud er ikkje pris åleine det avgjerande. Reknestykket er meir omfattande enn som så, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap).
Ho trekkjer fram kvalitet og leveringstid som to viktige faktorar. I tillegg meiner ho det lokale næringslivet også utgjer ein viktig del av kommuneøkonomien totalt sett.
Arbeidsplassar er viktig, og eg meiner me bør prøve å finne løysingar som gjer at det lokale næringslivet kan konkurrere i større grad. Eit breitt samarbeid i Vest-Telemark kan kanskje vere ein måte å gå fram på, smiler Vågslid.
Lyfter diskusjonen
Ho meiner vedtaket i formannskapet sender sterke signal, og at det kan føre til at temaet blir lyfta og diskutert grundig.
Det vil på mange område vere heilt nødvendig for oss å samarbeide, men me treng vel ikkje vere flinkast i klassa. Det er ikkje alt me kan få tak i lokalt, men der det er mogleg bør me leggje til rette for å gjere det. Det er mange mindre bedrifter som slit i Bygde-Noreg, og eg meiner det er rett av oss å sjå kva me kan gjere med det. BTV- innkjøp er eit stort apparat, og det må vere lov å spørje om det er eit pluss for Tokke kommune, seier Vågslid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sunn fornuft
Ho meiner det handlar om å bruke sunn fornuft, og ho nemner at kanskje Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU) kan vere eit forum som kunne tileigne seg spesialkompetanse innan lov om offentleg innkjøp.
Det må vere i denne saka som i dei fleste saker, at me må bruke hovudet og sunn fornuft. Eg er ikkje ute etter å bryte lova, men eg er viljug til å satse på det lokale næringslivet og leggje til rette for at dei skal ha eit eksistensgrunnlag. Det blir feil berre å sjå på pris i ei slik avtale. Det er andre faktorar som er vel så viktige, avsluttar Vågslid.