Pass på lommeboka
Oppmodinga kjem etter frekke tjuveri i Spar-butikken i Treungen.
Førre tysdag føremiddag fekk Johanna Rygh i Treungen ei oppleving ho nok aldri kjem til å gløyme. Etter å ha tatt ut 3.000 bankkroner i Post i butikk på Spar i Treungen, gjekk turen vidare inn i lokalet for å handle to brød. I området der stod fleire andre kundar.
Rygh tok med seg brøda til kassa for å betale med kontantar. Då ho skulle ta opp lommeboka i den opne veska, fekk ho seg ei uhyggeleg oppleving.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pengeboka var borte! Det var eit sjokk, og eg blei så forvirra at eg ikkje visste kva eg skulle gjere. Eg fekk hjelp av andre i butikken til å leite, men utan resultat. Eg er van til å betale for meg ved kassa. Det blei til at eg måtte skrive handlinga på ein lapp for å betale seinare, seier Rygh.
På innsida av jakka
Ho trur tjuveriet skjedde frå den noko opne veska i det ho snudde seg bort for å få tak i dei to brøda.
Eg har alltid gått med veska ope, og hadde aldri trudd dette kunne skjedd. Eg har høyrd at fleire andre også blei rana denne dagen, seier Rygh.
I lommeboka låg det mellom anna også bankkort, som straks blei sperra. Men dei 3.000 kronene er nok tapt for alltid.
Surt, seier Rygh.
Trøysta er at det kunne ha vore verre, for Rygh hadde eigentleg tenkt å ta ut 5.000 kroner.
No har eg lommeboka på innsida av jakka som var godt knept att i dag då eg var på butikken, seier Rygh etter erfaringa ho godt kunne vore forutan, men som gjer at ho kjem til å vere langt meir forsiktig i framtida.
Oppmodinga er å passe på som ein smed, for folk er jo så frekke. Og hugs å låse dørene heime, legg Rygh til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho har meldt tjuveriet til politiet. Lensmannskontoret i Nissedal er stengt dei to siste arbeidsdagane i veka, og derfor har det ikkje vore mogleg å få kommentar om etterforskinga.
Tok beina fatt
På same tid som Johanna Rygh blei fråstole lommeboka, såg butikksjef på Spar Treungen, Åse Tjøtta, to mistenksame personar, ei dame og ein mann, i lokalet. Dei hadde kontakt med ein annan mann eit stykke unna.
Dei var nok i lag, trur Tjøtta.
Ein person ho ikkje kjenner kom bort til henne og spurde om ho hadde sett ei lommebok. Då gjekk det eit lys opp for butikksjefen; mistanken ho hadde hatt. Tjøtta gjekk etter dama og mannen, og då byrja dei å springe vekk frå butikken og ned bak kommunehuset. Butikksjefen sprang etter, men måtte gje opp.
Det er forbaska når det skjer tjuveri slik det gjorde i butikken, seier Tjøtta.
Det er ikkje fyrste gongen det har vore tjuveri på Spar. Tjøtta fortel at for to år sidan forsvann alt av barbersaker midt i opningstida.
Det er sikkert meir tjuveri enn me oppdagar, trur ho.
Etter hendinga førre tysdag går butikksjefen rundt og åtvarar kundar som eventuelt har lagt lommebok eller veske i handlevogna. Då gjeld det å passe på heile tida. Det same er når folk skal betale ved kassa, og har framme lommeboka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kanskje kjem me til å henge opp skilt for å åtvare kundane, seier Tjøtta.