Fleire klagar på diskriminering
(NPK): Likestillings- og diskrimineringsombodet fekk 105 nye klagesaker til behandling første halvår i år. – Dette er ein auke frå året før, då vi fekk 81 saker, fortel seniorrådgjevar May Schwartz.
Dei fleste sakene LDO får gjeld grunnlaget nedsett funksjonsevne, deretter etnisitet og kjønn. LDO behandlar også saker som gjeld diskriminering grunna alder, seksuell orientering, religion og språk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er interessant å sjå at etnisitetssakene er nær dobla frå i fjor. Vi veit ikkje kva auken kjem av, men vi er glade for at folk tar kontakt med oss, seier Schwartz.
Over halvparten av sakene gjeld tilhøve i arbeidslivet.
I første halvår gav ombodet fråsegn i 88 saker. I tillegg er 17 saker lagt bort.
– Det kan for eksempel kome av at saka har løyst seg, eller at personen som klagar trekkjer saka, fortel Schwartz.