Viser og dikt på Rauland

Viser og dikt startar oppatt fyrstkomande tysdag, 1. oktober. Staden blir denne gongen i Draumkvedesalen i det gamle kommunehuset, Tingvoll. Rauland Folkeakademi er framleis samarbeidspartnar, med gruppa Tone, Eystein, Vesla og Åsta. Temaet for fyrste kvelden er Alf Prøysen, ein av våre mest populære visediktarar. Har du ei vise, eit dikt eller ei lita forteljing av Prøyssen, så tak det med. Elles er det sjølvsagt rom for andre dikt og viser også. Desse kveldane er meint å vera kveldar alle kan vera med på å forme, med eigne inn-slag og idear eller ved å vera til stades rett og slett.