Kviteseid

Ordførar Torstein Tveito (Sp) i Kviteseid:

1. – Eg har forstått det slik at den nye regjeringa har varsla tvang. Men då er eg spent på både korleis det nye kommunekartet vil sjå ut og politikken i alle utkantane.

2. – H og Frp har kome med signal om at dei vil slå saman kommunar. Blir til dømes kommunane i Vest-Telemark slått saman til ein, har eg lita tru på ein administrasjon som skal skjøtte eit område som er to gonger Vestfold. Det blir interessant å sjå. Men det er like relevant å la heile Vestfold bli ein kommune. Er det nokon som går på den? Tvilsamt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei kommunereform kan også vere å dele på fleire oppgåver. Nissedal og Kviteseid har i dag eit samarbeid som fungerer veldig bra, med spisskompetanse og suveren service. Eit anna samarbeidsområde kan vere å spisse samarbeidet innafor næring i Vest-Telemark.

3. – Me startar ikkje ein prosess anna enn å ha det som eit tema i Vest-Telemarkrådet om litt. Og dagens lokalpolitikarar er valde forsin kommune, vil eg minne om.

4. – Ingen kommentar anna enn at Kviteseid er midt i Vest-Telemark. Ha, ha.