Kven er kunstnaren bak dette arbeidet?
Jan Inge Næss i Lofthus i Hardanger har desse stolane. Han opplyser at dei truleg er produsert på 1930- eller 1940-talet. Tresorten er flammebjørk. Stoltrekket er ikkje originalt.
– Eg har fått å vite at stolane er produsert i Nissedal. Motiva er tydeleg eventyrinspirert, fortel Næss. Han lurar på om nokon kan opplyse om kven som har skore og laga stolane. Send gjerne ei melding til VTB, så formidlar me det til Næss.