Gjennom tåredalen
Laurdag føremiddag kan kvinner i alle aldrar vera med på ei temasamling i Betania, Øyfjell om sorg og det å miste nokon ein er å glad i. Henny Sørensen Grønås fortel om sin eigen tåredal – ho blei enke 36 år gamal, mista sonen sin i overdose 5 år seinare, bare fire månader etter at besteveninna døydde av kreft. I løpet av nokre få år mista ho innpå ti personar som stod ho nær. Korleis er det mogleg å koma seg gjennom tåredalen?
Men det blir ikkje bare sorg og tårer. Det blir òg god mat og høve til gode samtaler. Pinsemenighetane i Øyfjell, Høydalsmo, Lårdal og Dalen står saman om dette arrangementet og møtet i Lårdal på sundag.