Vann debutløpet med sal

Fjoneeigde Mighty Lady stilte tysdag for fyrste gong til start i monteløp (tråvritt der hesten går med sal og ryttar, ikkje vogn og kusk). Med Malin Berås på ryggen tråva 7-åringen inn til siger på Bjerke travbane i Oslo. Ekvipasjen kom i mål på kilometertida 1.14,0 over 1609 meter og kunne bokføre 15 000 kroner på kontoen.

«Seier med Mighty Lady! Fantastisk hest,» kommenterte Berås på twitter etter triumfen i V5-løpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hoppa er eigd av Ivar og Tor A. Hogsrud på Fjone og har i karrieren tent 464 500 kroner.