Ein dårleg dag for Distrikts-Noreg

Regjeringa sitt forslag til budsjett kuttar ei rekke utviklingstiltak i distrikta. Det er eit tydeleg signal frå blå-blå regjering om å satse mindre på arbeidsplassar i distrikta. Innovasjon Noreg og SIVA mister over 600 millionar i viktige utviklingsmidlar for gründerar og bedrifter. Regjeringa vil avvikle Bulystprogrammet og dei regionale utviklingsmidlane til fylkeskommunen.

Med Senterpartiet i regjering har regional utvikling og næringsutvikling over heile landet fått eit løft dei siste åtte åra. Det har gitt folkevekst i eit rekordstort tal kommunar og stor vekst av nye arbeidsplassar. Den blå-blå regjeringa brukar første høve til å redusere denne innsatsen kraftig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa sitt budsjett er sterkt prega av at den tar mindre omsyn til spreidd busetting i Noreg enn den raudgrøne regjeringa.

Kjøp av posttenester er foreslått kutta med 50 mill., samtidig som dei foreslår å gjennomføre EU sitt tredje postdirektiv og å redusere kravet til tal omdelingsdagar frå seks til fem dagar i veka.

Dette er starten på eit taktskifte, som vil ramme mange. Dette er starten på ei gradvis avvikling av det me kjenner som Posten i Noreg.

Det som er mest alvorleg med dette budsjettet er den klare endringa i norsk politikk, som i fyrste rekke rammer dei mange hundre tusen innbyggjarane som ikkje bur i dei store byane og tettast befolka område. Dette rammar Telemark både i Grenland og i bygdene.

Regjeringa vil møte sterk mot-stand i Stortinget av Senterpartiet og dei raudgrøne!

Anne-Nora Oma Dahle fylkesleiar i Telemark Senterparti