Finansiering
Av summen på 1,3 millionar kroner for fyrste løypetrinnet, kan ein få inntil 50 prosent tilskot frå spelemidlane. Ein satsar også på støtte og tilskot frå andre, mellom anna Fyresdal kommune. Sparebanken Sør er inne med 100.000 kroner.
Det er rekna inn eigeninnsats og dugnad verdt 400.000 kroner. 150.000 av summen er reine kroner. Alle hytteeigarane betaler årleg kontingent til løypelaget via medlemskap i hytteforeiningane. Det gjev i 2014 ei føreseieleg inntekt på 21.000 kroner. Summen er planlagt å auke med ti tusen kroner i 2015 når trinn ein er ferdig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles er planen at dei som brukar løypenettet betaler eit årleg bidrag. Det vil bli sendt ut innbetalingsblankettar for friviljug støtte.
Løypelaget på Våmur har ein eigenkapital på 50.000 kroner.