Ikkje rør landbruket, sa KrF-Bekkevold i valgkampen
Ytring
Vi har nå fått ei regjering, der den blå blå regjeringa er i ferd med å gjennomføre tiltak som kan få svært alvorlege følgjer på mange område som vil gjera det langt tøffare for distrikta, for landbruket, for matsikkerheit og dei som har minst i dei komande åra. Og det er ikkje vi i Sp som har kome med skremslar, nei det er verkelege endringar som den nye regjeringa er i ferd med å gjennomføre.
Vi har ein europaminister ved statsministerens kontor som reiser til Brüssel og beklagar at Noreg har tollbarrierar slik at vi kan produsere mat. Slike tollbarrierar har alle andre land, EU inkludert. Dei høgste ropa om at «ostetollen» var urettferdig, kom ikkje før valet frå EU, nei dei kom frå partiet Høgre og Venstre her i landet. Og nå vil altså Høgre reversere denne «urettferdigheita». Vi må nå appellere til KrF og Venstre i Stortinget, som har ei stor oppgåve i å stoppe denne galskapen!
Artikkelen held fram under annonsen.
KrF og V har ansvaret for å ha satt inn H og Frp i regjering. Dei har saman med regjeringspartia ansvaret for at landbruksministeren kan herje med norsk landbruk og norske bønder. Den nye landbruksministeren seier at ho ikkje vil setje inn tiltak for å løyse overproduksjonen av svinekjøtt. Det skal bli ordna av marknadskreftene, og då lyt ein «knuse nokre egg». Det vil seie nokre må gå konkurs, og det rammar sjølvsagt unge bønder med stor gjeldsbelastning hardast.
Sylvi Listhaug seier ho ønskjer å satse på unge bønder og rekruttering til landbruket. Det ho så gjer er å «premiere» unge bønder med auka skattetrykk når dei skal ta over ein gard, for å rettferdiggjere bortfallet av arveavgift for andre grupper i samfunnet.
Nei, Geir Bekkevold og KrF – de sit med eit stort ansvar for det som nå skjer innanfor landbrukspolitikken. Og det ansvaret kan de ikkje rømme frå. Korleis kan de stille sitje og sjå på at Listhaug herjar med norsk landbruk kvar dag og bit for bit riv grunnen unna ei slik langsiktig næring?
Anne-Nora Oma Dahle fylkesleiar i Telemark Senterparti