Reservasjonar i debatten

Ytring Send oss di ytring på redaksjon@vtb.no

█ Det er eit velkjent triks å tilleggja meiningsmotstandarane andre synspunkt eller motiv enn dei har, for deretter å gje seg sjølv gode motargument og betre ammunisjon i debatten. I den overraskande innbitne debatten som forslaget om reservasjonsmulighet for fastlegar har reist, har mange på venstresida i norsk politikk verkeleg perfeksjonert denne kunsten. Dei har brukt mykje av energien sin på å fortelja oss at debatten handlar om noko anna enn kva me trur, før dei har brukt resten på å argumentera mot dei standpunkt og motiv dei hevdar debattmotstandarane har. Det er nærast så dei reserverer seg mot å debattera det saka gjeld.

Men sjølv om Jonas Gahr Støre og Audun Lysbakken hevdar det, blir det ikkje sant at denne saka handlar om legar eller KrF-politikarar som ønskjer å forandra abortlova eller hindra kvinner i å få utført abort. Det er truleg sant at mange av dei same personane også arbeider for reduserte aborttal. Men i den saka det her er snakk om, er tema kun eit ønske om respekt for at nokon ser så alvorleg på si rolle i denne prosessen at dei ikkje har samvit til det. Og framlegget er altså at dette skal det vera høve til å reservera seg mot, så sant det kan organiserast slik at det ikkje er til hinder for at dei kvinner som ønskjer det, kan få det tilbodet dei har soleklar rett på, etter norsk lov.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det neste litt overraskande, men mykje brukte argumentet er det at det er hyklersk, eller i alle fall pussig, at dei aktuelle legane synest det er greitt å la desse pasientane få hjelp hos ein kollega med eit anna syn. Me får nærast inntrykk av at legane ikkje er truverdige, før dei barrikaderer seg ved inngangen til gynekologisk avdeling og fysisk hindrar at abortar blir utførte. Blir ikkje det som å hevda at ein militærnektar ikkje kan takast på alvor før han lenker seg fast framfor militærleiren? For på same måten som dei fleste militærnektarar ikkje trur dei stoppar forsvaret ved å nekta, er det ikkje reservasjonslegane sitt mål å stoppa abortlova. Og for meg framstår det litt underleg at dei som elles smykkar seg med omgrep som toleranse og respekt, ikkje har ein liten porsjon av dette også for dei få fastlegane som ber om at desse oppgåvene kan utførast av dei som har eit anna syn enn dei sjølve. Mangeårig praksis har nemleg vist at det ikkje er mangel på fastlegar som henviser til abort. Underteikna er blant svært mange fastlegar som meir enn gjerne viser sine kollegaer den respekt at me kan overta desse svært få, viktige og vanskelege konsultasjonane.

Men eg undrar meg framleis over at det er naudsynt å setja denne saka så heilt oppkonstruert på spissen (nær sagt på feil spiss). Kan det ha samanheng med at mange av debattantane opplever at debatten rører ved kjensler som eigentleg høyrer til abortdebatten, og så må ein sørgja for at debatten handlar om abort, før ein opplever at ein får riktig god klem på argumentasjonen?

Dag Sele fylkesleiar, Telemark KrF