Må tore å gjera upopulære ting

Leiar

Kvifor har ikkje me som innbyggjarar, og de som politikarar, tolmod til å vente til me har råd til ei investering eller ei utviding?

– Ein kan ikkje bare gjera populære ting som lokalpolitikar, sa Hilde Alice Vågslid, ordførar i Tokke, i budsjettdebatten i kommunestyret tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har ho rett i. Det blir tydeleg når kommunane får den økonomiske kniven på strupa. I Tokke må politikarane spara 9 millionar kroner neste år, og heile 17 millionar i 2015, i fylgje ordføraren.

«Etter sju feite år fylgjer sju magre,» heiter det. Om ikkje akkurat sju, så har Tokke hatt mange «feite» år. Dei starta nok med anleggstida i 1950-åra. Då var Dalen eit stort sentrum, og navet i Tokke-Vinjeutbygginga. Det gav inntekter til kommunekassa.

I mange år var dei styrande i Tokke dyktige til å leggje opp fond og spara pengar – om det skulle koma «sju magre år».

«Det skal god rygg til å bera gode dagar» heiter eit anna uttrykk. Det kan ein sjølvsagt tolke som ein vil. Men kan hende det kan tolkast som at i gode dagar skal ein ruste seg for at det kan koma verre tider.

Me skal ikkje skulde tidlegare politikarar i Tokke for ikkje å ha greidd å bera dei gode dagane. Det er mange ting som har endra seg sidan 1960-og -70-åra. Ikkje minst gjeld det kva det kostar å drive ein kommune.

Dessutan har kommunane med åra fått fleire og fleire oppgåver å løyse. Noko av det er «sjølvfinansierande», som vatn, avløp og renovasjon. Det skal avgiftene frå innbyggjarane betala. Andre ting blir finansiert med statlege overføringar. Og sjølvsagt skatt til kommunen frå innbyggjarane.

I Tokke har debatten blant politikarane og ålmenta i haust i stor grad dreia seg om skulestruktur for å spara litt. I Nissedal har dei i like stor grad hatt same spørsmålet å handskast med. Kva er galt når kommunane er på økonomisk etterskot? Når dei ikkje greier å drive for dei pengane dei har tilgjengeleg – men rett og slett brukar meir enn dei har. Det er dårleg forretningsførsel.

Det er eit spørsmål om korleis ein driv. I gode dagar er det lett å seia ja til alt, for å setja det på spissen. Av og til lurar me på kvifor kommunane må gjera alt på ein gong. Kvifor har ikkje me som innbyggjarar, og de som politikarar, tolmod til å vente til me har råd til ei investering eller ei utviding?

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil gjerne sjå politikarar som tør å gjera anna enn «bare populære ting».

Og innbyggjarar som skjønar at av og til må politikarane vera upopulære – for å oppnå dei lange resultata.