Femtedagsfest på Dalen

Det er ein lang tradisjon at teaterlaget i Tokke skipar til 5. dagsfest på Dalen. Ein må vel seie at dette er eit lystig innslag i eit elles så mørkelagt paradis. I år har ensemblet krympa noko, parallelt med folketalet i Tokke, men dei dyktige og lettliva skodespelarane har sjølve lagt hovuda i bløyt og sauma saman ein revy. Årest revy, «Plagiatet kåns», vil by på både lokal samfunnsatire og gode sketsjar tufta på urbane talkshow. Om du ikkje vil gå glipp av gode, klare songrøyster, og humor på sitt ypparste, bør du ta turen til Tokke kulturhus denne dagen. Vesttelar er glade i tradisjonar og som historia fortel er det ingen ringare enn sjølvaste Finlandia som spelar opp til dans i Tokkehallen på kvelden. Om Du ynskjer billett til revyen legg du turen innom Skobua, og billett til dansen kan du kjøpe på Alt-i-eitt.