Kristi openberringsdag Matteus 2, 1–12.
Kristi openberringsdag Matteus 2, 1–12.

«Du er slett ikkje den ringaste»

Teksttankar ved Knut Bjørn Skyttemyr:

6. januar er trettande dag jol, og det blir feira til minne om dei tre vise mennene frå Austen, eller dei tre kongane som dei òg blir kalla.

Men i teksten til sundag blir vi minna om at Jesus ikkje berre kom for dei store og viktige personane. Han kom til dei ringe og låge.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Du er slett ikkje den ringaste.

» Det er eit ord du kan ta til deg frå denne teksten. Det er eit ord som går tilbake til profeten Mika. Men der står det skrive i kapitel 5, vers 1: «Du, Betlehem, Efrata, minst mellom slektene i Juda! Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.»

Når Matteus brukar detta profetordet, seier han noko meir. Han kjem med eit ord frå Gud sjølv til alle i Betlehem: Du er slett ikkje den ringaste.

Jesus kjem til deg og meg og seier det same: Du er slett ikkje den ringaste. For Jesus er fødd, og han vil vere din konge. Jamvel kongane frå Austen måtte dra til Betlehem for å møta den nye kongen. Dei måtte til den vesle byen, og dei måtte knele ned i ein vesal stall framfor ein konge som låg i ei krybbe med halm og strå.

Kva kan vi læra av vismennene? Dei måtte leite i Bibelen får å finne ut kvar fredsfyrsten skulle verta fødd. Grundtvig skriv: «Stjerna leidde sant og visst vise menn til Jesu Krist. Me har òg den same stjerna; vil me berre fylgja gjerna, finn me til vår Frelsar fram. Denne stjerna bjart og mild som kan aldri leia vill, er det glade og det store fagnadbod i bibelordet til å lysa for vår fot.» Dei kom med tre gåver: gull, røykelse og myrra. Og det er blitt tolka som symbol på at Jesus var ein konge, difor gullgåva. Røykelse var eit teikn på at Jesus var Guds Son. Myrra peiker fram mot Jesu liding, død og oppstode for å gje oss håp om evig liv.

Tradisjonen gjev dei tre vise menn namna Kaspar, Melkior og Baltasar. Den eine ser ut som ein asiat, den andre har mørk hud og den tredje er raudmussa. Det er eit symbol på at Jesus kom for alle folkeslag på jorda. Difor er denne dagen ein dag for misjon. Jesus kom for alle nasjonar, stammer og tungemål. Slik det står skrive hos profeten Jesaja kapitel 60, vers 3: «Folkeslag skal gå mot ditt lys, kongar gå mot din soloppgang.»