Éin av ti var arbeidsledige i fjor
(NPK): Kvar tiande av alle dei til saman 2,7 millionar arbeidsføre i Noreg var registrerte som arbeidsledige hos Nav i ein kortare eller lengre periode i fjor.
I gjennomsnitt var 70.000 personar registrerte som heilt ledige i 2013, rundt 4.000 fleire enn året før. Dei fleste er likevel utan arbeid berre for ein kortare periode, viser statistikken til Nav. – Dette viser at vi har ein velfungerande arbeidsmarknad. Mange kan oppleve periodar med arbeidsløyse, men dei fleste kjem i arbeid igjen ganske raskt, seier seniorrådgivar Johannes Sørbø i Nav.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den gjennomsnittlege arbeidsløysa steig med 0,1 prosentpoeng til 2,6 prosent av arbeidsstyrken i 2013. Nav ventar fleire ledige i år, særleg i byggje- og anleggsbransjen.