Gøyme seg bak rådmannen

Yt r i n g

Ordføraren i Tokke, Hilde Alice Vågslid (Ap), skriv i lesarbrev i VTB den 21. januar at høyringsdokumentet om skulestruktur i Tokke kommune står rådmannen til ansvar for. Dette er ikkje i samsvar med vanleg praksis, sidan det er dei styrande politikarane med ordføraren i spissen som er ansvarleg for høyringsframlegg.

Som døme på denne praksisen, kan ein statsråd ikkje seia at eit høyringsdokument som blir sendt ut frå departementet, er byråkratane sitt ansvar. Statsråden står til ansvar for alt som embetsverket gjer. Ein viktig del av ein statsråds oppgåve, er å arbeide fram og kvalitetssikre høyringsframlegg. Det same prinsippet gjeld også for kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når ordføraren i Tokke forsøker å skuve ansvaret over på rådmannen, vitnar det om manglande vilje til å ta ansvar for kvaliteten av høyringsdokumentet. Det er uheldig at Tokke kommune har ein ordførar som ikkje vil ta ansvar, men heller gøymer seg bak rådmannen.

Opposisjonen i kommunestyret ynskte at høyringsdokumentet burde vore meir balansert og ikkje berre i favør av skulenedlegging. Det ville ikkje Arbeidarpartiet.

Jarand Felland Dalen