█ Arbeidsløysa uendra, men fleire sysselsette
(NPK-NTB): Arbeidsløysa var i november på 3,5 prosent, noko som var uendra frå august. Samtidig steig talet på sysselsette med 6.000 personar i same periode.
Sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at arbeidsløysa har vore stabil innanfor feilmarginen i heile 2013, etter ein auke i slutten av 2012, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Artikkelen held fram under annonsen.
Tala viser også at yrkesaktiviteten blant menn gjekk ned frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013. I same periode gjekk han likevel noko opp blant kvinner, slik at yrkesdeltakinga totalt sett blei ståande omtrent uendra.
Yrkesdeltakinga, eller arbeidsstyrken, i prosent av befolkninga mellom 15 og 74 år, var i siste kvartal i fjor på 70,9 prosent, ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå året før.
Sysselsetjinga auka frå 4. kvartal 2012 til same kvartal i fjor med 30.000 personar. Auken skjedde både blant kvinner og menn, og hovudsakleg i form av meir heiltidsarbeid. I siste kvartal var auken på 6.000 personar.
Tala for november er eit gjennomsnitt for månadene oktober, november og desember, mens tilsvarande tal for august er eit gjennomsnitt for juli, august og september.