Epler og pærer, Felland?

Ytring Send oss di ytring på redaksjon@vtb.no

I eit lesarinnlegg i VTB tysdag 28. januar skriv Jarand Felland i Tokke Sp at han synes det er uheldig at Tokke har ein ordførar som ikkje tek ansvar og gøymer seg bak ryggen til rådmann. Dette skal nå gjelde høyringsdokumentet som er sendt ut somein del av sakshandsaminga til rådmann i høve barnehage- og skulestruktursaka i Tokke.

Det kan virke som at Felland si tid som rådgjevar i Olje- og energidepartementet førte til at han gløymde vesentlege forskjellar på styring av eit departement og styring av ein kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når ein statsråd sender ut forslag på høyring er det politisk handsama. Dette av di det er parlamentaristisk styresett. Det er ikkje embetsverket som er ansvarleg. Men Felland bommar totalt når han prøver å samanlikne dette med ein kommune som Tokke, som har formannskapsmodell. Det blir som å samanlikne eple og pærer.

Det er rådmannen i Tokke som har innstillingsrett ovanfor politiske utval og kommunestyre, unnateke når rådmann er ugild eller anna er bestemt. Dette er vanleg praksis i dei aller fleste norske kommunar, sett burt frå dei få som har eit anna styresett, som til dømes Oslo og Bergen som har parlamentarisme.

Kommunestyret gav 10.desember rådmannen i oppdrag å sette i gang ein prosess der ulike alternativ til barnehage- og skulestruktur skulle vurderast og leggas ut på høyring. Prosessen og høyringsdokumentet vart godkjend i kommunestyret, men dei faglege vurderingane i dokumentet er det framleis rådmann som er ansvarleg for.For at det ikkje skulle vere noko tvil om det så presiserte kommunestyret dette i sitt vedtak, etter innstilling frå formannskapet, der det står i klartekst at det er rådmannens dokument som vert sendt ut på høyring.

Så kan me diskutere dette til «me blir blå», men det er eit faktum som eg håpar me kan vere samde om, at det er kommunestyret sitt vedtak som gjeld og som er førande både for rådmann og ordførar.

Oppvekstutvalet, formannskap og kommunestyre kjem inn i handsaminga av saka etter høyringsrunda og når rådmannens innstilling til vedtak ligg føre. Eg ser fram til å høyre alle synspunkt på kva for barnehage- og skulestruktur Tokke kommune bør ha og kan ha framover.

Eg kan forsikre Jarand Felland om at eg ikkje gøymer megbak ryggen til rådmann, men derimot så er eg som ordførar oppteken av å hakommunestyret i ryggen.

Hilde Alice Vågslid Ordførar i Tokke