Sniksentralisering

Ytring

I gamle Vinje var det 8 grendeskular mellom Åmot og Vågslid. No er det ein i Edland. Det stend no ungar frå dei er 6 år gamle og ventar på skulebussen langs med vegane for å bli køyrde fleire mil. Er det rart at folk kjenner seg tilsidesette i bygdane? Og så stend politikarane med ei heilag maske og talar varmt om livande bygder, og så gjer dei stikk imot det dei har sagt.

Sniksentralisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarar har vore gode til å luge for folk og mange trur på dei og let seg lure.

Det kjem sjeldan noko godt for vanlege folk frå høgre. Såleis òg frå den nye regjeringa. Det fyrste dei gjekk til angrep på var arbeidstakarorganisasjonane og med slik kraft og inderleghet at me måtte skjønne at det var der problemet var, og ikkje lengre oppe. Der dei sit med løner, pensjonar, bonusar og goder som vanlege folk ikkje kan drøyme om i sine villaste fantasiar. Høgre seier at dei skal prøve noko nytt. Høgrepolitikk har vore prøva frå tidas morgon, og om du ikkje er historielaus så veit du korleis det har virka; fyrst seg sjølv og så seg sjølv att. Så sit dei med kapital og rosar seg med at dei kan setje i gang arbeid der det passar for dei. Kven har arbeidd opp kapitalen for dei? Den kjem ikkje utor lufta.

Tarjei Ø. Romtveit