Diakoni
Vår tilflukt
Den 25. februar 1814 samla folk seg i kyrkjene for å velje utsendingar til valmøter som igjen skulle velje utsendingar til Eidsvollforsamlinga. Den gamle utanriksminister og historikar Halvdan Koth kalla dagen for den viktigaste dagen på vegen fram mot ein grunnlov. På val og bededagsmessa den 25 februar vart kyrkjelyden beden om å sverge ein eid.
«Sværge I, at hævde Norges Sælvstendighed, og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreland?» Så skulle alle svara; «Det sværge Vi, saa sandt hjælpe os Gud og hans hellige ord!» Preika for dagen vart halde over Salme 62, 8-9: «Hos Gud er mi frelse og ære. Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud. Lit alltid på han, de folk, aus ut dykkar hjarte for han. Gud er vår tilflukt.» Mo kyrkje var ei valkyrkje i 1814. Sundag vert dette markert under gudstenesta, og kanskje syng ein Edvard Hoem si salme til grunnlovsjubileet. Gi oss kraft og framtidstru, Herre, så vi kan rette på det som enno er skeivt, verja dei veike og lindre smertene for dei som lid. Høyr, Gud, korleis all jorda lengtar etter di velsigning. Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta. Amen.